8. juni 2015

Å senke skuldrene og kjenne fjellroa på hytta

Eit lite bileteras frå helga vår på hytta. Ingenting er betre når ein vil prøve å slappe av enn å dra opp på fjellet, ta fram kikkerten, titte utover vatnet, rett og slett senke skuldrene. Me hadde ein kjempefin tur berre oss to der me spelte kort og "Scrabble", me gjekk ein tur i skogen rundt hytta der me blant anna møtte på ein hoggorm (slapp av, den gjekk ikkje til angrep), leste ut Silkeormen – ei bok som fenga så mykje at eg måtte lese dei resterande sidene på laurdag, dvs. ca.350 sider – og me drakk litt musserande vin attåt tacoen på laurdag. Vinen hadde me fått inne på rommet vårt på hotellet førre helg, men me tok den rett og slett ei veke etterpå. Mannen min syntest det var litt rart å ha musserande vin ved sidan av taco som attpåtil blei servert på papptallerkenar, men det er slik ein gjer det på hytta ;) Me fekk altså nokre fine, rolege og herlege dagar oppe på fjellet!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Iih, hoggorm! Så spennende, haha! Har aldri sett en hoggorm eller slange i levende live ute i naturen før (bare i dyrehager o.l.), og tror kanskje det er lik så greit egentlig, høhø. Ser ut til at dere hadde en kjempefin helg ^^

Silje sa...

Du kan tru me skvatt då me fyrst såg den :P Men heldigvis så gjekk den ikkje til angrep sjølv om me trur den var litt redd. Hyttetur er jo noko av det beste som finst ^^

Legg igjen ein fin tanke