7. juni 2015

Fred og ro helga etter bryllaupet

Å kunne feire ei veke som ektepar langt oppe på fjellet, oppe på hytta, har vore heilt herleg! Trur me begge to trengte å komme oss litt vekk, berre senke skuldrene, lese i ei bok, vere ute i naturen og høyre vinden ule ute når ein sjølv sit inne foran peisen. Etter at me hadde pakka oss ut frå hytta i fire-tida i dag, køyrde me heim til Sola der me fekk kjempegod heimelaga fiskegrateng og litt dessert og kaffi etterpå. Heilt greitt å kunne stikke innom mamma og pappa på sundagsmiddag sånn i ny og ne ;) Det blei jo inga sundagsliste førre veke, men det kjem i alle fall ei lita liste no:

✦ å seie "ja" til kvarandre, og at me no er mann og kone 
✦ gå tur hand i hand langs Vannassen og sjå dei fine, lodne svanungane
✦ ganske artig Game of Thrones-sketsj
✦ spele "Scrabble" på hytta
✦ morosam videosnutt med to små hamsterar, Hamzilla og herlege geitekillingar hos cuteoverload.com
✦ sjå på bilete frå bryllaupet og brudevalsen på film
✦ søte og små reveungar, skjønn kattunge og til slutt det herlegaste piggsvinet hos themetapicture.com
✦ brunsj på Sola dagen etter bryllaupet
✦ vere på hytta, kjenne fjellroa, berre oss to
✦ "Til en rektor" og desse kule filmbileta
✦ tur rundt på Jæren med alle våre fire foreldre
✦ lese ut boka Silkeormen, den andre i rekkja om Cormoran Strike
✦ alle dei fine folka som feira bryllaupsdagen med oss, og alle dei som gav oss fine helsingar

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det hørtes godt ut med hyttetur! ^^ Det var sikkert veldig godt å ta det helt rolig. Og er jeg rar som aldri har spilt Scrabble før? Haha.

Silje sa...

"Scrabble" er, i alle fall for meg som er eit språkmenneske (og særskilt interessert i norsk), eit veldig morosamt spel, og då spesielt om ein finn litt artige ord å byggje med :) Kan verkeleg anbefale det spelet; det er kanskje ikkje det spelet med mest "action", men til ein hyttetur der ein vil slappe av, passar det ypperleg. Og ja, det var rett og slett veldig herleg å kunne vere ei helg på hytta etter nokre veldig travle veker ^^

Legg igjen ein fin tanke