2. jun. 2015

Berre kjærleik

Me brukte ein dryg time på å finne dei riktige gifteringane då me var i Trondheim i oktober, men me brukte nokre månadar på å bestemme oss for kva det skulle stå inne i dei. Til slutt klarte me å bestemme oss, og inskripsjonen er henta frå kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso. Temaet er fyrst og fremst instrumentalt, og me hadde ein grovmessingkvartett som spelte den i vigsla vår. Utruleg vakkert! Seinare er det sett tekst til temaet, og songteksten er skriven på italiensk, originalspråket til filmen. Her kan de høyre Rein Alexander synge "Se" på Beat for beat. Siste strofe er "solamente amore" som oversett til norsk tyder "berre kjærleik". Dette står difor i ringane våre. For å få plass, blei det på bokmål i hans ring – den er jo frå meg til han og eg skriv jo som regel på bokmål – og på nynorsk i min sidan han skriv nynorsk. Heile inskripsjonen i hans er "Bare kjærlighet. Din Silje 30.05.15", og det same i min ring, men med hans namn og på nynorsk. Begge ringane er i kvitt gull der ei skrå linje deler dei i to slik at dei er halvt blanke og halvt matte. Min har i ein liten diamant i tillegg. Enkle ringar som er perfekte til oss med den finaste inskripsjonen. Eg elskar deg 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fine!

Silje sa...

Ingen av oss ville ha gult gull eller ringar med mykje mønster eller steinar på, så desse er heilt perfekte til oss :)

Legg igjen ein fin tanke