15. juni 2015

Kjære, fine mormor

Mormor. Mi fine mormor. Vår fine mormor og farmor og så klart mor. Det er eitt år sidan du gjekk bort, eit heilt år sidan me var i New York og fekk meldinga om du ikkje lenger var blant oss. Du som var med på å kle deg ut saman med oss, gav oss TAB X-tra då me var sjuke, lærte oss rim, songar og regler. Du som alltid hadde eit fang ledig, som lot oss få smake på deigen då me kvar jul lagte sjokoladestenger og som alltid hadde eit smil på lur. Mormor. Eg vil du skal vite, kor du enn er, at eg alltid vil vere glad i deg, du vil alltid vere mi mormor. Sjølv om du ikkje kunne vere med oss i bryllaupet, var du likevel med oss på andre måtar, både i buketten min og i albumet eg fekk av mamma og pappa. Kjære, fine mormor. Tusen takk for alle dei fine minna som alltid vil vere der 

Legg igjen ein fin tanke