8. des. 2014

Min kvardag

Kvardagsbilete. "En bild från i år som bäst beskriver din vardag." Tja, kva bilete skal det vere? Kvardagen dette året har vore så mangt, alt frå null forelesningar og lite skule til fullt masterstudium, å flytte ut av eit heim, ein by og inn i ein ny heim i ein annan by, frå korps til orkester og alt midt i mellom. Så i staden for å leite meg i gjennom heile biletearkivet frå i år, gjer eg det enkelt og legg ved eit bilete som viser min kvardag slik det har vore dei siste vekene. Og som student, så ser det jo slik ut ganske ofte, ikkje berre i eksamenstida (utan nisselua vel å merke) ;) Og kaffi høyrer jo med i min kvardag, min fine kvardag som både går opp og ned slik livet gjer. Sist, men ikkje minst: kjærasten min. Han som gjer dei grå dagane mykje lysare og dei fine dagane endå finare. Sånn. Måtte jukse litt, og det blei difor to bilete og ikkje berre eitt. Men det må jo vere lov, for dette er min kvardag :) Dette er luke nr.8 i Emily Dahl sin bloggjulekalender.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He - kjæresten er jo kjekk da, syns moder'n :-) Og så må en jo si at han bærer alderen godt, han blir liksom ikke eldre enn sånn ca. 18! Men det er nok genetisk, tenker jeg - for moder'n fikk barnebillett på buss og kino da hun var 20, og slet lenge med å se voksen ut :-) Ikke så mye å gjøre med det....
Lykke til med gjenstående eksamener! Regner med at du gjør det bra :-)

Silje sa...

Han held seg godt, ja! ;) Og tusen takk for "lykke-til-med-eksamen"-helsing :)

Legg igjen ein fin tanke