6. feb. 2013

Snart avreise til Bergen :)

I morgon reiser me! Det blir kjekt med ein liten tur, sjølv om det "berre" er til Bergen og så Sola. Her går det for det meste i pensumlesing utanom korps, så kjekt å kunne gjere noko anna også. Men eg merkar at eg gruer meg litt også, for som sagt er ikkje konkurransar det eg liker aller mest... Men, men. "Ut på tur, aldri sur". Drar rett til flyplassen frå skulen i morgon, så me kjem til å ta bussen til skulen med koffert, instrument og det heile (har heldigvis eit rom der me kan la tinga stå mens me er på forelesning). Både i går og i dag var eg på skulen der eg har lært endå meir om norsk litteratur på midten av 1800-talet og om språksituasjonen her i landet på slutten av 1800-talet og inn på 1900-talet. Begge delar er interessant, men eg må seie at eg er overraska over meg sjølv fordi eg faktisk gleder meg mest til språkhistorietimene. Eg var på øving i går også (utruleg nok har me "fri" i dag), og då tok eg eit bilete av min kjære trombone. Den kjøpte eg faktisk då det var NM brass i Bergen – for snart sju år sidan! Det var ei kjekk øving i går, så får me sjå korleis det lyder når me kjem til Bergen i morgon :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Lykke til på fredag - tvi, tvi!! Skal prøve å se på dere via skjermen, slik som i fjor. Klem til alt dere kan :-) så går det nok bra. Broder'n kommer, som vanlig, og han vil nok svippe innom og høre på dere.

Ehh.. var du på Brass-NM for flere år siden? Lenge før du ble "lokket inn" i miljøet? Og så du som ikke likte brass... :-))

Silje sa...

Tusen takk! Me skal gjere vårt beste :) Eg var på NM brass for sju år sidan nettopp for å kjøpe meg ein trombone, ikkje for å spele sjølv ;) Det var til og med før eg byrja å spele i 1919 (det janitsjarkorpset der me møttest) :)

Moder'n på Møre sa...

1919 - I know :-)
Du har jo hatt mye nytte og glede av trombonen, da - og kanskje den var en indirekte årsak til at du møtte han fine .... :-)

Silje sa...

He, he! Ja, kven veit?! ;)

Legg igjen ein fin tanke