28. feb. 2013

I dag er det februar, i morgon er det mars...

Februar er snart over og ein ny månad er her. I morgon. Februar månad har vore hendingsrik med NM-oppkjøring, sjølve NM-helga, tur til Sola der me overraska mamma (og dei andre i familien også) på morsdagen med å fortelje at han og eg er trulova, mange fine gratulasjonar, dugnad førre helg som parkeringsvakt, eit lite årsmøte og i går var det styremøte. Det blei eit møte som for ein gongs skyld var veldig effektivt, så eg er veldig nøgd :) Det har også vore ein månad med jobb og skule, noko som kjem tydeleg fram her på bloggen (det er jo for det meste skule og korps det går i her), og eg har også fått vore med vener, som førre torsdag. I og med at februar berre har tjueåtte dagar (eller tjueni når det er skuddår), synest eg at mars kjem like brått på kvart einaste år. Eg burde jo vore vand med det, men alle dei andre månadane har jo tretti eller trettiein dagar, og det er faktisk snakk om elleve mot ein. Eg veit ikkje kvifor eg bablar om dette no, det berre blir slik av og til, det at ein snakkar og bablar om alt mellom himmel og jord; ikkje alt er like interessant ;) I går satte me oss ned og bestilte flybillettar slik at me kjem oss litt rundt i påskeferien. Fyrst tar me turen til Oslo der me rett og slett berre skal rett til Gardermoen. Frå fredagen før påsken og fram til skjærtorsdag, skal me vere på Sjøholt. Det blir kjekt å sjå att svigers (eg kan vel kanskje seie det no...?!). Og frå skjærtorsdag og fram til andre påskedag skal me vere på Sola hos min familie (meir konkret blir det vel å vere på hytta ved Moslivatnet). Trur det kjem til å bli ein kjempekjekk og fin tur :) No har eg nettopp komme heim i frå jobb, og ventar på at Game of Thrones skal komme på skjermen. Mens eg ventar, et eg grautrestar til kveldsmat, eg skal kose meg med ei god bok og kanskje stoppe eit sokkepar. Håper alle de som les dette får ein god kveld :)

6 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

He, he - velkommen til svigers :-)! Vi gleder oss til å se dere. Håper at nykjøkkenet er kommet i bruk før påske, slik at vi kan spise på anstendig vis! Det er ihvertfall kommet i hus, men mye arbeid gjenstår. Mat skal dere uansett få ....

Silje sa...

Jo, tusen takk! :) Me skal nok alltid klare oss, men hadde vore kjekt å sjå nykjøkkenet sånn på ordentleg, veit du ;)

Moder'n på Møre sa...

Hei igjen! Vi lurte litt på om bildet over var litt symbolsk?? Graut og saft er jo en ok ting å ta bilde av - men det var det med boka da, og tittelen? Det var vel en som var i Tr.heim, og sårt savnet, kanskje :-) ?

Silje sa...

Oi! Nei, det tenkte eg ikkje på då eg tok biletet :P Det er rett og slett den siste boka til J.K.Rowling, forfattaren bak Harry Potter, som eg har lånt frå skulebiblioteket :) Må lese noko anna enn berre pensumlitteratur innimellom :) Men skal innrømme at det var fint å få han tilbake no i kveld, ja :D

Moder'n på Møre sa...

Der ser du hva man kan lese ut av et bilde! Helt utilsiktet fra din side - og ikke nevnte du at du var aleine - men jeg "så" med en gang hva det betydde :-)

Silje sa...

;)