19. feb. 2013

Carpe Diem

Alle har vel høyrt dette uttrykket før, dette "carpe diem" eller "seize the day". Eller det norske "grip dagen". Eller som det står på det nye sengetøyet mitt: "fånga dagen". Eg prøver så godt eg kan, men det er ikkje berre berre. Aller helst vil eg krype opp i sofaen med ei god bok i fanget (for all del: det kan godt vere ei pensumbok, akkurat det klarer eg å motivere meg til), under eit teppe, kanskje ha på litt god musikk og så klart ein kopp med te eller kaffe i handa. Vil så gjerne byrje å sykle igjen, er lei av å gå til skulen i slaps eller med eit tynt islag på asfalten. Høyre fuglane syngje, kvitre. Sjå ut av vindauget og sjå ei sol som er oppe før meg. Gå med lettare sko enn det eg gjer no. Sitje ute og nyte lyset, sjå graset bli grønare. Våren er på veg, eg merkar det blir lysare, varmare, men likevel. Eg skulle så gjerne ha hatt den her no, no med ein gong. Men eg skal prøve å gripe dagen, dagane, så godt eg berre kan sjølv om humøret ikkje er heilt på topp. Dagane og vekene går jo så altfor fort, så ein må, eller i alle fall bør, ta vare på dei sekunda, dei minutta, dei timane ein har. Eg skal prøve å gjere det beste ut av dagane som kjem. "Go on, lean in. Listen, you hear it? -- Carpe--hear it?--Carpe, carpe diem, seize the day boys, make your lives extraordinary." (John Keating i Dead Poets Society eller Dagen er din som den heiter på norsk). Det er eg som bestemmer kva eg vil gjere med livet mitt, det er eg som bestemmer om skulen skal vere kjekk eller keisam. Så sjølv om eg ikkje synest at kvar forelesning er like kjekk eller interessant, skal eg slutte å klage og prøve å gjere det beste ut av det, prøve å lære meg å vere meir positiv. Det er ikkje gjort på ein dag, men kanskje... No, etter ein litt lengre skuledag, skal eg gripe kvelden, slappe av, la tankane frå litteraturhistoria vandre. Slappe av saman med han fine. Kanskje spise litt mango, høyre på musikk. Snart er det ein ny dag :)

Legg igjen ein fin tanke