15. feb. 2013

Digitalbok Touch

Midt oppi oppkjøringa til NM førre veke, fekk eg plutseleg ein mail i frå ein representant frå Cappelen Damm. Han hadde sett på bloggen min at eg hausten 2011 hadde skrive om programmet Ordflyt – eit program som ein kan laste ned gratis for så å kunne høyre mange forskjellige lydbøker og høyrespel. På bakgrunn av dette lurte han på om eg hadde lyst til å teste den nye Digitalbok Touch, eit lesebrett for norske brukarar, mot at eg skreiv om mine opplevingar med produktet her på bloggen. Så klart sa eg ja til det :) Og mens me var i Bergen, fekk eg ein SMS om at pakken låg og venta på meg på posten. Eg fekk henta den etter skulen på måndag og måtte jo teste den ut nesten med ein gong eg kom heim. Digitalbok Touch er det norske svaret på Amazons Kindle som sikkert mange har høyrt om. Sjølve lesebrettet ser kanskje litt trist og grått ut, men funksjonane det tilbyr, er veldig bra. Dette er fyrste gongen eg prøver eit slikt lesebrett og eg har dermed ikkje noko å samanlikne med, berre så det er sagt. Skjermen er matt (i svartkvitt) slik at den ikkje reflekterer noko særskilt lys fra omgivnadene. Ved å lese brukarrettleiinga, kjem ein fort inn i bruken av lesebrettet. Med i eska kom også ein ladar, øyretelefonar og ein USB-kabel. Lesebrettet har ikkje tastatur utanpå, men det er jo touchskjerm, så når du skal logge deg inn for å kjøpe bøker eller liknande, kjem det opp eit tastatur på sjølve skjermen. Og ja, ein kan koble seg til eit trådløst nettverk og laste ned bøker rett til lesebrettet. Digitalbok Touch lar ein også kunne høyre på musikk, ha dine eigne bilete som skjermsparar og ein kan også lese andre dokument, f.eks. notat i frå skulen (pdf-fil). Det eg ikkje er heilt nøgd med, er bokstaven å (og også dei svenske ä og ö): for at alle bokstavane skal få plass på same linje, blir dei mykje mindre enn dei andre bokstavane. Eg veit det er ein filleting, men eg berre måtte nemne det ;) I tillegg har ikkje ein student den aller beste økonomien, så eg kjem nok framleis til å bruke biblioteket når eg skal lese bøker (og når det gjeld pensumlitteratur, er det noko med å kunne notere i margen). Den største fordelen med eit lesebrett, er at ein kan samle bøkene sine på ein stad, uten at det tar noko særskilt med plass. Alt i alt er eg nøgd med produktet og vil gjerne anbefale det for alle dei som er glade i å lese; spesielt for dei som liker å ha ting samla!

Legg igjen ein fin tanke