13. feb. 2013
"E cio che provo e solamente amore"
Fyrst og fremst: tusen takk for alle gratulasjonane! Tenk at det er så mange som er så glad på våre vegner! Me hadde jo snakka om det ei stund, og då han fyrst tok motet til og seg og fridde, var det jo litt skummelt, spennande, kjekt og romantisk på ein gong. Eg blei faktisk litt paff, for sjølv om me hadde snakka om det, er det ikkje det ein går og tenkjer på heile tida. Samtidig var eg ikkje i tvil om kva eg skulle svare :) Og no er det offisielt – me er trulova! Så klart er det mange kjensle som fyk rundt om i hovudet mitt; det er ikkje kvar dag ein seier "ja" til eit slikt spørsmål. Og etter NM-kjøret merkar eg at eg er litt sliten, men aller mest er eg glad og lykkeleg. Det er oss to. Han og eg. Han som eg er så ufatteleg glad i! Dagane går elles som vanleg; det er skule, jobb og brassband. På fredag får eg ei heimeoppgåva som eg må bestå for å kunne ta eksamen, så det er nok å hengje fingrane i. Har tatt få bilete i det siste, så eg legg heller ved denne søte videoen om ein nysgjerrig kattunge og eit søtt piggsvin. Og igjen – tusen takk. De er så fine, alle saman ♥
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke