21. feb. 2013

Britisk krim og veninnebesøk

Snart helg igjen. Det har vore ei veke med både interessante forelesningar og forelesningar som ikkje har vore fullt så interessante. I går i NO-146, byrja me så vidt på dialektologien. Då lærte eg meg endeleg kva kløyvd infinitiv er og når eg fyrst skjønte det, var det jo ganske så enkelt ;) Og med sol, sykkelvêr og levering av den heimeoppgåva, var dagen i går veldig fin (særskilt med tanke på at førre innlegg va eit lite syteinnlegg). Sambuaren var på kurs i Porsgrunn i går, så eg hadde kvelden for meg sjølv :) Fekk støvsoge, vaska nokre klede og elles gjorde eg veldig lite. Såg ein episode av den gamle TV-serien Inspector Morse. Eg er jo ein stor fan av britiske TV-seriar og då spesielt krimseriar, og det gjer ingenting om seriane er laga på åtti-talet eller om dei er laga no i 2013. Det som er veldig kjekt med denne serien, er jo at assistenten til Morse, Lewis, har fått ein eigen serie, nemleg Lewissom eg har nemnt nokre gongar før. Litt artig å følgje den eine karakteren vidare i ein annan serie :) Har vore på skulen i dag og hatt fire timar om personlege pronomen m.m i norrønt. I den norrøne grammatikken er det så utruleg mykje meir å halde styr på enn det me er vande med i moderne norsk. Eg har verkeleg ikkje kontroll på halvparten, men eg må berre jobbe med stoffet, jamt og trutt. Akkurat no har eg veninne på besøk, noko som er veldig koseleg. Det går ofte litt for lenge mellom kvar gong me treffast, så då er det jo ekstra kjekt når ein fyrst har ein heil kveld saman :)

0 kommentarer: