18. sep. 2024

Jane Austen's House





Grunnen til at me valde å bu litt utanfor sjølve bykjernen av Alton då me var der i juli, var dette: Jane Austen's House. Det ligg i Chawton, omtrent ein halvtimes gåtur frå sentrum. Me kunne ha tatt bussen, men då måtte me ha kryssa ein større veg. Ved å bu på gastropuben French Horn, var det berre femten minutt å gå og me kunne lett gå under vegen via ein undergang. Utpå dagen skulle me vidare til Cambridge, så me hadde tinga billettar til opningstid, altså klokka ti om morgonen. Stod opp, åt ein god frukost og tok på oss regnjakkene, for ute var det faktisk litt yr i lufta. Koseleg, liten spasertur langs små gater, og undergangen var pynta med sitat frå Austens bøker.
 





I dette huset budde forfattaren dei siste åra av sitt liv, frå 1809 til 1817. Eit av dei fyrste romma ein kjem til (etter å ha registrert billettane, fått litt info og fått auge på ei eselvogn), er kjøkkenet. Det låg i eit eiga rom, utan tilknytning til dei andre romma, slik me er vande me no til dags. Antakeleg var det fordi det rauk såpass mykje av kjøkkenpipa. Martha Lloyd, ein familieven, skreiv ei lita bok full av oppskrifter, og mange av arka låg rundt på kjøkkenbordet. Å, alle detaljane ved museet!






I salongen var tapetet på veggen noko av det fyrste eg såg. Fragment av det gamle tapetet blei oppdaga i 1940, og ekspertar har med nøye hand rekonstruert og laga eit nytt tapet på gamlemåten. Ja, ein kan til og med få tak i ei utgåve av Pride and Prejudice med dette mønsteret på bokomslaget. Neste rom var spisestova med ein annan, nydeleg tapet, og det å sjå skrivebordet til Jane, skal eg innrømme var stor stas. Gjett om eg tok fleire bilete frå huset, bilete som kjem i neste togturpost.

17. sep. 2024

Jæren, Yorkshire og ein bibliofils bok

Ofte deler eg fleire bokbilete i sundagslisteinnlegga mine, og det er ikkje like enkelt å få fram bøker eg verkeleg likte i slike lister. Dimed blir det av og til eit eige bokinnlegg, slik som no. Jærkshire var ei av bøkene eg las i august som eg fall for. Helge Torvund har med boka skrive ein hyllest til både Jæren og Yorkshire. Han skriv om (og har besøkt) plassar som Thirsk, Whitby, Goathland, Pickering og Robin Hood’s Bay, plassar som eg sjølv også har besøkt og har gode minne frå. Me får vite meir om myrflangren som berre veks nokre stadar i Rogaland og på Austlandet, her er oppvekst på Nærbø og eit fint kapittel om ein kunstnarbror. Ikkje minst nemner han også togtur på North Yorkshire Moors Railway (å, det var ein fin tur me hadde der for seks år sidan!), Med hjartet på rette staden og All Creatures Great and Small – tenk om Englandsbåten gjekk enno! Boka er ei herleg blanding av kjærleiken til begge desse områda, eit tilbakeblikk på mange flotte opplevingar.



Og så boka Found inn a Bookshop, ei frittståande oppfølgjar til Lost in Words. Sukk, når ei bok nemner Anne of Green Gables, eller Tove Jansson, Sense and Sensibility, Pride and Prejudice, To Kill a Mockingbird, James Herriot, Matilda, Atonement, Wuthering Heights og The Secret Garden – då veit eg at dette er boka for meg! Me møter igjen Loveday, denne gongen midt under korona. Gjennom kapitla møter me fleire personar med ulike skjebnar som alle har det tøft under nedstenging og som på ein eller annan måte får hjelp frå den finaste bokhandelen. Bøker om bøker og andre bibliofilar, for meg er det som ein ordentleg god og varm klem. Alltid.

"Brave.
Zoe has no idea what that looks like.
She knows she ought to call Will’s parents, but instead, she sits on the floor and starts to turn the pages of Anne of Green Gables." (s. 180)
 
"Reading should be a pleasure and a joy, an education and a promise, a release and an escape. The books you choose for yourself should never, ever feel like a punishment or a chore. (s. 120)
 
"And there are books. Readers know that, when their heart hurts with loss or absence, then a book that they have read before can lessen the ache. Readers, faced with a new experience, find a book to help them navigate: a travel guide to a new city, say, but also a novel set there.
Readers give books to other readers, telling them, this will make you laugh, or, read this, please, so we can talk about it. Here you are, readers say, I don't know why but this made me think of you." (s. 102)

"So here is a contradiction for you: you can love books, and you can also decide not to finish a book. 
Yes you can.
Books don’t judge you.
Books can contain, and invoke, every feeling that there is. Books can bring you to rage or tears or happiness or all all three, in quick succession. Books can have such a profound effect on your emotions that they can change the course of your life. How many lawyers have been made by To Kill a Mockingbird, how many vets by the James Herriot books, how many teachers by Roald Dahl’s Matilda?
This is how books work. They take what’s in them, and what’s in you, and the interface, more often than not, leads to picking up that book every chance you get." (s. 120)

16. sep. 2024

Glamping i Telemark


To magiske solnedgangar på rad, for også frå Oslo og vidare til Lunde i Telemark, var det eit lysshow utan like på himmelen. Fuglar flaug i formasjon høgt der oppe medan sola gjekk ned bak fjella.


Som nemnt hadde eg fått eit opplevingsgåvekort til jul på glamping og alpakkavandring frå mannen min. Me køyrde frå Oslo rett musikalen, stoppa i Notodden for middag og var framme ved Svenseid alpakka rett rundt åtte om kvelden. Det var allereie ganske mørkt ute, men me fekk likevel eit lite glimt av dei søte alpakkaane. Inne i teltet pakka me oss godt inn i teppe, sette på både små og store ledlys og slappa av med kvar vår bok, høyrde alpakkaane traske ute. Riktig roleg og koseleg kveld.




Sov godt inne i det store teltet, og då morgonen kom, kokte me egg og kaffi ute. Åt sjølve frukosten ute på plattingen, men det var litt småkaldt, så me tok med oss resten av kaffien inn i teltet, pakka oss nok ein gong inn i teppe og las vidare. God og mjuk start på dagen før alpakkavandring kl. elleve.

15. sep. 2024

Himmelfallen i ord og bilete




Sundagshelsing frå Stavanger. Eigentleg lite nytt frå denne fronten, det har vore ei heilt vanleg jobbveke og no i helga har me hatt få planar. Regnet har vore av og på, av og på gjennom heile veka, og ein av dagane var det jaggu meg godt eg hadde regntøy på meg, for då eg kom fram til jobb, var eg regntøyet ganske så vått. Lesing både morgon og kveld, og som vanleg er det vanskeleg å halde meg berre til ei bok om gongen ;) Fredag etter jobb var me i Sandnes for eit par ærend og me stakk innom IKEA i tillegg. Alltid gøy å sjå på utstillingane sjølv om me ikkje treng noko, det er liksom noko med å berre sjå og kanskje få litt inspirasjon. I går var me på Sola for laurdagspizza og brettspel, og ei tante av oss var også der – superkoseleg å prate litt med ho! Så kom plutseleg sundag, snart er plutseleg måndag her. Skal fatte meg i kortheit og set over til oppsummeringa:
 
✦ å gjenlese Anne-serien, er som å komme heim, og Anne of Ingleside er den sjette i rekkja 
✦ bittesmå forglemmegei i nabolaget
✦ spele "Imagine" i lag med familien i går
✦ David Tennant som uttaler eit laaangt walisisk stadsnamn, og Michael Sheen er faktisk imponert
✦ regn på ruta ute, lesing inne
✦ porsjonspizza steikt i pizzaomn, kan ikkje klage på det
✦ Selznicks bok Himmelfallen er utruleg fin, ein roman i ord og bilete (han lagte også Hugo)
✦ frå jobb: flotte motiv på diverse notisbøker
✦ når ein liten pus er så liten som denne og vil vere med ein mykje større hund 
✦ når eg fyrst tar bussen til jobb, er det kjekt å lese på busshaldeplassen
✦ sjå den nyaste episoden av Eventyrlig oppussing, og fy flate, så kul den tunnelen blei!  
✦ prate med ein kunde og finne ut at me hadde veldig lik litteratursmak
✦ hatt songane frå Jesus Christ Superstar på hjernen, mellom anna "En himmelsk ønskedrøm"
✦ prate litt med tanta vår som var på besøk på Sola (ho bur i Åsgårdstrand)
✦ strikking og sesongpremieren på Slow Horses
✦ lukta av nysteikt brød på tampen av sundagen
✦ ny vlog frå Miranda, alltid så koseleg å høyre om bøker og sjå kva ho har vore ute på 
✦ og eg fekk veldig lyst til å ein gong oppleve Wardlow Mires Pottery & Food Festival
✦ gulaste og kulaste Vespaen, sett rett ved jobben min
✦ illustrasjonane i Himmelfallen er heilt unike
✦ septemberboka i #readchristie2024: Døde spor, eller Ordeal by Innocence på originalspråket

14. sep. 2024

Ikkje berre ein musikal






Men eigentleg ein opera sidan det berre er song og ikkje dialog. Ein ekte rockeopera, for det er ikkje mykje vanleg operapreg over Jesus Christ Superstar. Eg skal ikkje skrive for mykje om sjølve musikalen, det har eg nemleg gjort fleire gongar før, mellom anna i dette innlegget, men så mykje kan eg seie at det er denne musikalen som sånn sett har vore med meg lengst i livet. For mange er det filmen frå 1973 med Ted Neeley i hovudrolla som er den utgåva av musikalen dei liker best, for meg vil det alltid vere konseptalbumet frå 1970. Jesus Christ Superstar, komponert av Andrew Llloyd Webber og med tekst av Tim Rice, byrja nemleg som eit konseptalbum, og Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman er i mine auge (eller øyre) denne rockeoperaens stemmer.

Billettane til musikalen blei tinga i desember i fjor, før ein i det heile tatt visste kven som skulle spele dei ledande rollene. I etterkant har det vore ein del snakk om kvifor Aksel Hennie, heilt utan musikalbakgrunn, blei tildelt rolla som Jesus, og eg skal innrømme at eg var litt skeptisk sjølv. Men uansett, i denne musikalen er det Judas som er den viktigaste rolla. Og gurimalla, det var gåsehudfaktor allereie då Jeppe Beck Laursen (altså Judas) song "En slags himmelsk ønskedrøm" ("Heaven on Their Minds")! Me syntest begge at den minimalistiske scenografien var råtøff, kong Herodes sin song med Bjarte Tjøstheim som Herodes var herleg overdriven, og eg likte faktisk Aksel Hennie som Jesus. Å, heilt utruleg stas å endeleg få sett denne musikalen på ei stor scene! Med Miss Saigon i fjor, var det jubileum sidan det var den tiande musikalen eg såg på Folketeateret. Jesus Christ Superstar var dimed den ellevte, heilt ypperleg produsert av Scenekvelder. Ein selfie og to i fotokiosken blei det, og me måtte så vidt han som speler trommer på musikalen. Alltid litt gøy å ha juble ekstra når orkesteret kjem på scena for applaus sidan han og eg gjekk i same klasse på vidaregåande. Bur du i Oslo, berre må du få med deg denne klassikaren av ein musikal. Eller opera ;) Før musikalen, fekk me tid til å vandre i Bogstadveien der det var bilfri dag med mange buer og yrande folkeliv. Det kjekkaste var å vandre til ei sidegate og besøke Oslo Keramikkverksted. Litt rolegare tempo og så mykje fint i den verkstaden! Lunsj og kaffipause på Northland før musikalen var det også tid til. Helgeglede nokre timar i Noregs hovudstad ein laurdag i september.

12. sep. 2024

Sundvolden Hotel



På Austlandet var det tydeleg at hausten var komme lengre enn her, for langs vegen såg me mykje haustlauv i flotte fargar. Og meir av den heilt nydelege kveldshimmelen! I staden for å bu midt i Oslo, hadde me tinga overnatting på Sundvolden Hotel, omtrent førti minutt unna sentrum.
 

Stort og flott hotellrom, og sjølv om me var litt slitne etter reisinga, sat me ei stund i baren. Fjordsideren var knallgod, me slappa av med kva vår bok, og eg tok nokre bilete av interiøret (hallo, bokhyllene i det eine rommet og det blå lyset rett ved baren). Hotellet går tilbake heilt til 1648, då som gjestgivargard. I dag er det ein del av De Historiske, det er fleire bygg med både spa og konferansesenter, ja, generelt mykje større enn det eg hadde fått med meg før me kom dit. Etter 22. juli var hotellet også ein opphaldstad og møteplass for overlevande og pårørande. Å, den grøne, gamle trappa var superfin, her var det liksom gammalt og nytt om kvarandre.




Frukosten dagen etterpå var ypperleg, og sidan me hadde god tid, utforska me hotellområdet endå litt meir. Sjølv med morgontåke, kunne ein sjå at dette er ein fin plass med lune sitjeplassar ute og eit hotell med historisk sus trass alle nybygga. Og før klokka var halv elleve, drog me vidare.