
12. apr. 2021
Jørpelandsholmen i påska og Vannassen i går

Merkelapp
tur
11. apr. 2021
Flotte blomar, bursdagskake, aprilsnø og fleire fridagar

Bursdag på måndag, berre to dagar på jobb og resten av veka fri. Ganske kort oppsummert, men eg ønskjer jo å skrive litt meir. Også me fekk snø denne veka, noko i alle fall eg ikkje var så glad for. All snø er borte no og eg håper verkeleg at me ikkje får meir før det nærmar seg jul. Bursdagen blei feira veldig roleg, dagane på jobb var heilt greie og elles har det blitt mykje lesing og strikking, akkurat slik eg skreiv på fredag. På torsdag var eg ute på Wiig gartneri saman med eit venepar. Gjorde godt å vere litt sosial, for det er neimen meg ikkje mange me treff for tida. Ein ordentleg sundagstur blei det ikkje denne gongen, men eg var ute rundt Vannassen ein liten tur for å kjenne sola varme. I morgon er det morgonskiftet, og det blir difor ikkje særskilt seint før me legg oss i kveld. Som vanleg har eg fleire fine saker å dele i ei sundagsliste, dette har gleda meg denne veka:
✦ bursdagskake og mange kjekke bursdagshelsingar
✦ Superstore-finalen, ei fin og verdig avslutning på denne herlege serien
✦ "The sound effects teachers make" – ha, ha, her var det mange artige og gjenkjennbare lydar
✦ fascinerande å lese En flyktig frihet om Joannas oppleving av å gå Santiago de Compostela
✦ at me plutseleg fann Bruckners fjerde symfoni på Hovedscenen
✦ bruke fridagane mine på å lese i kjekke bøker og strikking
✦ få god hjelp til å fikse den toppen som eg held på å strikke, for den blei altfor lang
✦ digitalt intervju av forfattaren Douglas Stuart i regi av Litteraturhuset i Bergen
✦ Kompani Lauritzen er laurdagens høgdepunkt
✦ liten cappucino og to makronar ute på gartneriet i lag med fine folk
✦ musikalen Kristina frå Duvemåla ute på Bømlo – trur eg må tinge billettar med ein gong
✦ og når me snakkar om musikalar: tenk at den besteste Rent er 25 år i år!
✦ mannen min som fiksa heimelaga pasta carbonara på bursdagen min
✦ Loulou og Coco er venar med alle moglege dyr, dei er så søte
✦ svaneshow på Vannassen i dag
✦ påskeinnlegget til Synne, her var det mykje koseleg
✦ When All Is Said om fem skåler, fem personar, eitt liv – ei sakte og nydeleg bok
✦ Ingunn sin post på Instagram om det å prioritere seg sjølv
✦ å verkeleg kose meg med Mord i paradis og Michael Palins mimreserie (Sahara-episoden)
✦ stilig celloversjon av "Heaven on Their Minds" frå kulaste Jesus Christ Superstar
✦ alle dei fargerike blomane ute på Wiig Gartneri, eit par av dei likna nattehimmelen
✦ tihi, denne lille flodhesten er veldig glad i å bade
✦ spele "Takenoko" på bursdagen min, eller panda-spelet som me berre kallar det ;)
Merkelapp
sundagsliste
9. apr. 2021
Rett ved hytta og hygge i solveggen
Sola titta no fram i løpet av påskeveka, og særskilt påskeaftan. Me sat ute i solveggen og las i kvar vår bok. Drakk kaffi frå ein finfin hyttekopp ("Livet er best på hytta") og såg ein brennande solnedgang bak hytta. På terrassen såg eg plutseleg ein liten, lilla stemorsblome full av bittesmå regndropar, slike små gleder er alltid like velkomne. Nokon spelte kort og slappa av, akkurat slik ein gjer når det er påskeferie. Som dei fleste helgene no for tida, har me få planar for dei to neste dagane. Satsar på å gå ein tur, sjå ein god film og lese i eit par bøker. Lag deg ei bra helg!
Merkelapp
hygge
7. apr. 2021
To ypperlege påskekrimbøker


Merkelapp
bøker
5. apr. 2021
Hyttehygge og bursdagsfeiring

Merkelapp
hygge
4. apr. 2021
Ei heil veke på hytta


✦ lese påskekrim og drikke ein god kopp kokekaffi
✦ følgje med på "Påskelabyrinten", og det var kult med oppgåver som Mummidalen og Hafrsfjord
✦ sauane ute på Jørpelandsholmen – litt for tidleg for lam, men fine er dei likevel
✦ høyre "Six Ribbons" på radioen ein morgon
✦ sjå litt på endå ein episode av Michael Palins mimreprogram
✦ ta fram det fine påskeegget med den søte kyllingen på lokket
✦ kult med ein liten vintagebutikk på eit loft
✦ Zalo har vore med oss på hytta i påska og han har vore heilt i hundre og ti ;)
✦ lese den tredje boka i spionserien om Jackson Lamb og dei andre ved Slough House
✦ Katha skriv så godt i denne teksten om det å prøve å passe inn i ein viss stil på Instagram
✦ kos med stearinlys kvar kveld oppe på hytta
✦ kjenne fjellroa og senka skuldre
✦ tihi, denne uskyldige lille rakkaren
✦ lese litt ute på terrassen, lese inne foran peisen og lese i sofaen
✦ Hans Zimmer sin filmmusikk med blant anna Løvenes konge i eit program på radioen
✦ ein litt spesiell, men likevel veldig søt fugl
✦ gøy å ta i bruk den nye Twiggygenseren
✦ Beatrice som har fanga ei heil veke av solnedgangar
✦ finaste Moslivatnet ♥︎
✦ sjølv om toppen eg strikkar no ikkje blir den beste, har det vore herleg å slappe av med strikkinga
✦ spele blant anna "Trivial Pursuit"
Merkelapp
sundagsliste
28. mars 2021
Påskehelsing 🐣
Merkelapp
hygge
Abonner på:
Innlegg (Atom)

