14. jan. 2019
Tynt lag med snø ute i hagen
Ikkje lenge etter at eg vakna og stod opp dag, dalte snøen ned ute. Sjølv om det blåste (og det blåser mykje framleis), måtte eg ta ein tur ut for å ta eit par bilete av dei kvite dottane som fauk ned frå himmelen. Fleire gongar har eg nemnt at eg ikkje er særskilt fan av snøen, og det gjeld enno. Men at den gjer alt litt lysare og skaper fine kontrastar, det er jo sant og noko som eg sånn sett synest er greitt. Det er forresten ikkje i Stavanger bileta er tatt, men i hagen heime hos mamma og pappa på Sola. For no bur me her for ei lita stund medan badet blir pussa opp. Trur det blir supert til slutt, er i alle fall spent. Akkurat no er det fyr i peisen og ei bok i fanget medan eg høyrer vinden ule.
Merkelapp
kvardag
13. jan. 2019
Bad, endå meir bad og eit par bøker
Ingen tvil om at me denne veka har hatt riving av badet som fyrsteprioritet. Altså, me riv ikkje veggar og tak, men det er ikkje langt unna. Veit at når firmaet som skal gjere resten kjem i morgon, vil den eine veggen bli tatt og takplatene blir nok også erstatta. Me har halde oss til tapetet og vinylbelegget på golvet, og det har ikkje vore berre berre: tapetet har vore limt veldig godt på ein del av veggane. Sjølv om me har brukt mykje tid inne på badet, har eg elles lese mykje, fått unnagjort ein del ærend på tysdag, druke kaffi (og innimellom nokre koppar med te) og så vidt prøvd øvingsmuten som eg fekk til jul. Inga øving denne veka, for det fyrste prosjektet er ein skulekonsert der ein ikkje treng eit fullt orkester. Men no til veka blir det øving, og eg gleder meg. Seinare i kveld stikk me til Sola, for det vil ikkje vere noko særskilt å bu her i leilegheita medan badet så å seie ikkje kan brukast. Okei. Nok prat, eg har ein del eg vil dele også denne veka:
✦ ikkje månadens klassikar, men likte veldig godt Burnetts A Little Princess
✦ ein god kronikk om det å faktisk vere miljøvenleg, ikkje berre snakke om det
✦ tapetet er nok blåare enn på biletet, men trur den blir supertøff på badet
✦ Jonna sin nyaste vlog, så fint å sjå og høyre, og eg tenkjer eg må filme meir om kvardagane
✦ kose meg med siste episode i sesong to av Anne with an E (og vite at det kjem ein tredje sesong)
✦ godt skrive om kroppshår og skjønnheitspress
✦ det gjorde godt å sjå sollyset inne i stova vår
✦ "Top 10 Unforgettable Kurt & Blaine Moments" – Glee, altså
✦ og når me snakkar om Glee: synest det er kult at Darren Criss vann ein Golden Globe no nettopp
✦ pugge og bli betre på Europa ved hjelp av denne quizen
✦ trekte også på smilebandet av stempla inne i den gamle boka, med stempel frå 1948
✦ sitje saman i sofaen og sjå Ginger Rogers og Fred Astaire i The Barkleys of Broadway
✦ tips for betre togbilete, har nok delt den før, men skal snart ut på togtur igjen ;)
✦ skjønne hamsterar som er ordentleg dyktige på labyrintar
✦ rive tapet og golv inne på badet
✦ dei små felta med sol på ei av naboblokkene
✦ for ein sjarmerande, liten kattepus
✦ ligg litt på etterskot, men eg synest uansett at boka Attachements var akkurat passe søt og klein
✦ "Autumn memories 2", klarer ikkje å la vere å dele endå eit blogginnlegg av Niina
✦ sitje på kafé etter å ha gjort ein del ærend, drikke ein cappuccino og lese i ei herleg bok

sundagsliste
11. jan. 2019
Fredag og eit lite musikktips
Stikk berre ein liten tur innom for å ønskje deg ei god helg og for å dele eit lite musikktips. Elise gjekk eg i klasse med på musikklinja (vidaregåande), og no bur ho i Oslo der ho bruker mykje tid på musikken. For berre eit par dagar sidan la ho ut denne musikkvideoen med songen Not Even Me. Nydeleg stemme og tekst, noko sårt og samstundes så fint. Høyr den gjerne du også!
Merkelapp
musikk
10. jan. 2019
Frå ei anna tid
"Kun én bok blir lånt ut på hvert kort om gangen. Består et verk av flere bind utlånes i regelen 2 bind pr. kort". Oi, eg trur nok eg hadde slitt med den regelen der, ja! Låner ei gammal bok i samband med klassikarutfordringa mi, og inni boka står det eit sett med gamle utlånsreglar for Stavanger kommunebibliotek. Artig å sjå korleis visse ting har endra seg med åra. Boka er nokså anonym utanpå, akkurat slik mange var på den tida. Men det er ein viss sjarm med det også.
Merkelapp
bøker
9. jan. 2019
Mitt bokår 2018 📚
Viss nokon skulle lure, så las eg ein god del bøker i fjor, akkurat som året før det. Inne på bokelskere.no, der eg har ein profil, har eg registrert meir eller mindre 93 bøker. Ikkje alle bøkene er like lange og nokre av dei er barnebøker, men eg er likevel nøgd. Og så har eg i alle fall lese ei bok for ørtande gong, nemleg bok nr. to om Harry Potter. Eg hadde inga leseutfordring som eg var med på, verken som andre hadde laga eller som eg hadde laga til meg sjølv. Men i år har eg laga meg ei utfordring: nemleg lese ein klassikar i månaden. Det kan vere både barne- og vaksenbøker, og kva som er ein klassikar er jo subjektivt. Uansett, eg reknar med at de vil sjå kva som er månadens klassikar ;) No over til dei bøkene eg las i fjor. Synest alltid det er vanskeleg å oppsummere eit heilt år, men eg vil no prøve likevel. Og så veit eg at eg har ikkje fått posta bilete av alle enno, så eit par av dei kjem i løpet av den neste månaden (sjølv om me no skriv 2019). Betre seint enn aldri. Dei bøkene eg kanskje har kost meg aller mest med, kan eg vel seie å ha vore dei resterande bøkene i serien Anne of Green Gables. Kanskje ingen løyndom i og med at eg nemnde dei i oppsummeringa av 2018. Tenk at eg faktisk har vore der ute, der ute på PEI handlinga tar plass. Stor stas!
Fremdeles meg av Jojo Moyes var ei av dei fyrste bøkene eg koste meg med i fjor. Finfin avslutning på serien om Louisa Clark. I februar las eg ut klassikaren Det vokser et tre i Brooklyn av Betty Smith, og den var kjekkare å lese enn det eg hadde venta. Språkboka Lingo av Gaston Dorren var fascinerande og Arr av Auður Ava Ólafsdóttir var også ei bok som fascinerte meg.
2018 var året eg byrja å lese krimserien om Vera Stanhope av Ann Cleeves, og ei av dei var Telling Tales. Likte også godt krimboka An unwanted guest av Shari Lapena, Kvinnen i vinduet av A.J.Finn og Kastanjemannen av Søren Sveistrup.
Andre bøker eg har kost meg med, er Buzz Aldrin av Johan Harstad (eg får framleis lyst til å reise til Færøyane sånn no med ein gong), Vente på fuglen med mikronovellene av Frode Grytten, Attachements av Rainbow Rowell, den same forfattaren bak den nydelege boka Eleanor & Park som eg las i 2016, og Vi på Saltkråkan av besteste Astrid Lindgren.
Bøkene eg las i 2018 er nok kanskje ikkje dei mest morosamme bøker, og når eg skriv morosam, meiner eg bøker som ein ler av. For eg har jo lese bøker som har vore kjekke. Det har vore mange drama- og krimbøker, ein god del YA-bøker (eller ung vaksen), julebøker og eit par klassikarar. Men boka En uvanlig leser av Alan Bennett og Norske stiler, skrive av alltid dyktige Lars Saabye Christensen, er bøker som eg har ledd av. Eleanor Oliphant is Completely Fine fekk meg til å dra på smilebanda. Altså, alvor er det jo, men det er skrive på ein slik måte at ein likevel må smile. Og kaffi, både heime og på kafé, er visst ein gjengangar ;)
Tendensen i fjor er vel det at eg har lese dei fleste bøkene av rein glede, eg har plukka ut bøker som eg hadde lyst til å lese der og då. Eg trur lesing fungerer best slik for min del, at eg les akkurat det eg sjølv vil. Jenta som ble igjen, også denne av Jojo Moyes, og Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai av Mary Ann Shaffer, er endå eit par døme på bøker eg har kost meg med. Lethal White, den fjerde boka i serien om Cormoran Strike og Robin Ellacott, venta eg lenge på (altså, eg var den fyrste i køen på biblioteket, men eg venta lenge på den frå eg visste at den skulle komme ut til den faktisk var klar). Veit at ikkje alle var like overbevist over denne som ei andre i serien, men eg likte den veldig godt. Perfekt på gråvêrsdagar då det bøtta ned ute.
Mot slutten av året las eg ein god del julebøker. Ei av desse bøkene, som eg då tjuvstarta og las i oktober, var Snøsøsteren av Maja Lunde med dei vakraste illustrasjonane av Lisa Aisato. Boka står igjen som ei av dei aller beste eg las i fjor. Rørande var den også. Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry og Call me be your name av André Aciman er to andre bøker som fekk fram tårene hos meg. Lisa Aisato illustrerte også ei anna bok som eg kjem til å hugse lenge: Til ungdommen av Linn Skåber. Varme, sårbarheit, humor og så mykje å kjenne seg igjen i. Ut av ensomheten, boka som nettopp var med i sundagslista, vil også vere ei av dei beste bøkene eg las i fjor. Som sagt, dette er eit forsøk på ei oppsummering, og eg veit at eg sikkert kunne ha nemnt ein drøss til.
Fremdeles meg av Jojo Moyes var ei av dei fyrste bøkene eg koste meg med i fjor. Finfin avslutning på serien om Louisa Clark. I februar las eg ut klassikaren Det vokser et tre i Brooklyn av Betty Smith, og den var kjekkare å lese enn det eg hadde venta. Språkboka Lingo av Gaston Dorren var fascinerande og Arr av Auður Ava Ólafsdóttir var også ei bok som fascinerte meg.
2018 var året eg byrja å lese krimserien om Vera Stanhope av Ann Cleeves, og ei av dei var Telling Tales. Likte også godt krimboka An unwanted guest av Shari Lapena, Kvinnen i vinduet av A.J.Finn og Kastanjemannen av Søren Sveistrup.
Andre bøker eg har kost meg med, er Buzz Aldrin av Johan Harstad (eg får framleis lyst til å reise til Færøyane sånn no med ein gong), Vente på fuglen med mikronovellene av Frode Grytten, Attachements av Rainbow Rowell, den same forfattaren bak den nydelege boka Eleanor & Park som eg las i 2016, og Vi på Saltkråkan av besteste Astrid Lindgren.
Bøkene eg las i 2018 er nok kanskje ikkje dei mest morosamme bøker, og når eg skriv morosam, meiner eg bøker som ein ler av. For eg har jo lese bøker som har vore kjekke. Det har vore mange drama- og krimbøker, ein god del YA-bøker (eller ung vaksen), julebøker og eit par klassikarar. Men boka En uvanlig leser av Alan Bennett og Norske stiler, skrive av alltid dyktige Lars Saabye Christensen, er bøker som eg har ledd av. Eleanor Oliphant is Completely Fine fekk meg til å dra på smilebanda. Altså, alvor er det jo, men det er skrive på ein slik måte at ein likevel må smile. Og kaffi, både heime og på kafé, er visst ein gjengangar ;)
Tendensen i fjor er vel det at eg har lese dei fleste bøkene av rein glede, eg har plukka ut bøker som eg hadde lyst til å lese der og då. Eg trur lesing fungerer best slik for min del, at eg les akkurat det eg sjølv vil. Jenta som ble igjen, også denne av Jojo Moyes, og Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai av Mary Ann Shaffer, er endå eit par døme på bøker eg har kost meg med. Lethal White, den fjerde boka i serien om Cormoran Strike og Robin Ellacott, venta eg lenge på (altså, eg var den fyrste i køen på biblioteket, men eg venta lenge på den frå eg visste at den skulle komme ut til den faktisk var klar). Veit at ikkje alle var like overbevist over denne som ei andre i serien, men eg likte den veldig godt. Perfekt på gråvêrsdagar då det bøtta ned ute.
Ingenlund: Morrigans forbannelse (eller Nevermoor: The trials of Morrigan Crow), skrive av Jessica Townsend, står for ei av overraskingane i fjor. Fallhøgda er alltid stor når ei bok blir skildra som den "nye Harry Potter". Men gurimalla, eg storkoste meg, og eg likte også godt bok nr. to, nemleg Wundersmith: The Calling of Morrigan Crow. Nå er alt av Amy Giles, ei YA-bok, og En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv av Mari Kjos Hellum overraska også positivt.
Merkelapp
bøker,
kjekke lister
8. jan. 2019
Noko magisk kvelden før kvelden
Lille julaftan 2018. Før gråvêret kom 1. juledag, var me heldige og fekk oppleve ein solnedgang så vakker som aldri før. Rosa farge over fjellet, gyllen sol så vidt synleg over horisonten. Det varme lyset mot det lille hintet av snø på bakken. Kontrastane. Stilla der oppe, stå ute og nyte synet. Magi.
Merkelapp
foto
7. jan. 2019
Den raraste bokhandelen
Endå eit puslespel er ferdig. Me har tidlegare lagt puslespelet "The Bizarre Workshop", og plutseleg såg me "The Bizzare Bookshop No.2" i butikken til halv pris. Motivet er laga av Colin Thompson, og det er så mange artige detaljar på alle brikkane. Kule figurar og morosamme titlar, til dømes "Anne of Green Peace" og "How to succeed in breakfast without even frying". Synest det er koseleg å setje av tida til å gjere noko slikt saman. Høyre på musikk, prate litt, berre slappe av <3
Abonner på:
Innlegg (Atom)