20. sep. 2026

Lukta av kvitlauk







Kvitlauksesongen er i gong, og på jobb luktar det både i butikken og på lageret. Tihi, slik er det når ein jobbar på ein plass der me sel settekvitlauk. Ikkje for det, det er ikkje den verste lukta, men det kan bli litt mykje ;) Og litt mykje armar og bein, men som eg skreiv førre sundag, er dette nesten som ein høgsesong nummer to og det er dimed heilt vanleg. Her heime er det ikkje så mykje nytt, me gjer småting i heimen, les mykje for å roe tempoet og er ikkje heilt klare for hausten. Men slik er det kvart år, hausten er ikkje min favorittårstid sjølv om eg elskar fargane som kjem no i september og i oktober. Nok om det for no. Rundar av veka og kvelden med ei lita liste og så klart ei bok:

✦ likte veldig godt å lese boka Hav på alle kanter av Kirsti MacDonald Jareg
trass ein del drittvêr, har me også hatt eit par gylne morgonar
veit ikkje heilt kva eg synest om Russiske spesialiteter, men premisset var ganske bra
fargerike blomar over eit gjerde som me såg på førre sundagstur
✦ sånn ein herleg liten dachshund som er besteven med ein liten katt
laurdagsmorgon med kaffi, lesing og ein knallgod suksessplett 
gøy med ein ny sesong av Kongen befaler
du veit at hausten har komme når det byrjar å liggje konfetti på bakken 
kosekrim i ein bokhandel: bok nummer ein i serien The Bookshop Mysteries
✦ "Folk er tilbake på bibliotekene" – kjekk lesing midt i alt PISA-snakket
alltid fint å sjå ein favorittbok i skråhylla på biblioteket
mjuke dunaktige dottar med regndropar på
orkesterøvinga tysdagskveld
bra fangst på REKO-ringen, mellom anna suksessplettane
skuggespel på golvet i stova
å pakke ein ordre til ei god veninne av meg (og leggje oppi ei lita handskriven helsing)
laurdagspizza med heimelaga pizzasaus
kjekk prat med kollegaane mine i lunsjpausene
gå ein god tur langs Hafrsfjord i går før gråvêret slo til
✦ Auður Ava Ólafsdóttirs nyaste bok DJ Bambi var ein liten fest av ei bok

Legg igjen ein fin tanke