Nei, det er ikkje så ofte det skjer, men desto meir koseleg å treffe kjentfolk når ein er ute og reisar. For det skjedde faktisk då me var i London – me var der på same tida som eit venepar, og me fekk til å møtast. Åt ein god lunsj i Covent Garden (sjølv om det plutseleg var ganske høg musikk rundt oss), og etterpå tok me kvar vår kaffi og eit par makronar frå Ladurée. Eit par timar i gode venars lag før både me og dei skulle vidare. Og sjølv om me ikkje fann noko, var det spennande å traske gjennom Cecil Court og alle antikvariata der. Fyrsteutgåver av mellom anna bøker av Agatha Christie og Terry Pratchett. Joda, dyre saker, men samstundes ganske stilig. Og sidan venta ein ny musikal.
21. sep. 2026
Dyre saker

Merkelapp
bøker,
hygge,
mat og drikke,
reise
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke