Aller finaste Paddington. Eg har sett dei to fyrste filmane, men har faktisk ikkje lese boka frå 1958 av Michael Bond som starta det heile, ei heller nokre av dei andre som kom etterpå. Likevel er det eit eller anna ved denne bjørnen som får meg til å kjenne alle kjensler på ein gong. Me gjekk ikkje inn på Savoy Theatre med ein gong, for me måtte jo innom suvenirbutikken (elskar musikknotane som hang ned frå taket). Og ikkje berre blei det med ein liten Paddington-bamse med i bagasjen – eg måtte jo så klart ta eit bilete med sjølvaste stjerna på ein benk rett utanfor butikken. Før me drog på ferie, skreiv eg litt om musikalen her, og forventingane blei innfridd, ja, vel så det. Paddington-musikalen er noko av det beste eg har opplevd når me snakkar om musikalar; det tok tid før eg klarte å lande! Latter og tårer, humor for både store og små, hjartevarm og rørande, konfetti og eksplosjonar, denne musikalen har alt! Tom Fletchers musikk og songtekstar er fine og sprudlande (og skummel nokre gongar), det var råtøft å sjå korleis dei har fått liv i Paddington på scena – det er ein skodespelar som står på scena medan ein annan syng og styrer ansiktsuttrykka – og det å sitje på fyrste rad og få med oss kvar minste lyd og rørsle er noko eg kjem til å hugse lenge!
24. sep. 2026
Aller beste Paddington!

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Legg igjen ein fin tanke