Det var måndag då me kom fram til Cawood Castle. Dagen etter, altså tysdagen den veka, bestemte me oss for å køyre ut til Haworth, rett vest for Cawood. I Haworh ligg nemleg huset der Brontë-familien vaks opp, du veit søstrene Charlotte, Emily og Anne som skreiv Jane Eyre, Wuthering Heights og The Tenant of Wildfell Hall, og broren deira Branwell som teikna og skreiv dikt. Tok ein dryg time å køyre ut, men vel framme såg me familiehuset stå der, så flott og koseleg. Rett i nærleiken traff me forresten ein fin grå katt som sat på ein liten mur og ein hane ute på vift.
Huset er no eit museum – Brontë Parsonage Museum – og sjølv om eg ikkje har lese alle bøkene, synest eg det var interessant å gå rundt og titte på originale manus, kleda dei gjekk med, alle dei gamle møbla og lære meir om familien (for eg er jo glad i slike detaljar). Dei blei jo ikkje gamle nokon av dei, men trass i deira unge alder, står verka dei skreiv igjen som verdskjente klassikarar.
Klokka var vel halv ett eller noko slikt då me var ferdige på museet. Åt ein enkel lunsj i bilen før me nok ein gong sette oss godt til rette og køyrde vidare. Me hadde nemleg ein plass til me ønskja å besøke før me tok kvelden. Såg eit artig køyretøy rett foran oss; ein liten bil med "coffee & cakes". Hi, hi, ein slags rullande kafé ute på motorvegen. Turen tok oss gjennom små landsbyar og vakre sletter. Kjenner eg saknar det landskapet i ny og ne, for slettene og lyngheiene ute i Yorkshire er noko av det finaste eg har sett. Joda, er jo veldig glad i våre høge fjell og ville natur, men det er fint å sjå noko anna også. Kontrastar mellom det flate og det spisse, det mjuke og det ville.
16. okt. 2018
15. okt. 2018
Liten rapport på ein måndag
Kjennest nesten ut som om det berre går i bøker, kaffi og haustfargar for tida. Det er jo ikkje heilt tilfelle, men at eg bruker ein god del tid på desse tinga, det er nok heilt sant. Las nyleg ut Ingenlund: Morrigans forbannelse. Eg storkoste meg! Er ikkje heilt fan av at nyare fantasybøker for barn på mellomtrinnet heile vegen skal bli samanlikna med Harry Potter-universet eller at dei faktisk blir kalla "den nye Harry Potter". Kan ikkje ei bok berre få lov til å leve sitt liv utan å bli samanlikna? Joda, det er jo for å selje boka, men då blir ofte forventningane desto større. Uansett, eg klarte å leggje vekk dei fleste assosiasjonane til HP og las boka slik den var (og er). Og så mykje kan eg seie: eg gleder meg veldig til å lese bok nr. to i serien. Likte karakterane og handlinga og eg synest forfattaren har klart å skape eit eige univers. Oi, skreiv visst meir om boka enn det eg hadde tenkt ;) På veg frå jobben på fredag måtte eg stoppe ein liten augneblink for å ta bilete av stien langs Mosvatnet. Alt det gylne lauvet på bakken, lauv som lyser opp og gir farge til den grå grusen. Og den same gylne fargen på mange av trea, tett i tett med tre som enno er litt grøne. Innimellom grå dagar med mykje regn, er det fint å kunne sykle til jobb og nyte naturens vakre fargar.
14. okt. 2018
Haustlys, haustferie og haustvêr
Haustferie her i byen denne veka, og som vanleg har det vore forskjellige arrangement for skolebarn på jobb: teikneserieworkshop, kodeklubb og FIFA-turnering. Eg har hatt vakter både på Madla og i byen, tatt buss og sykla (vêret har vore alt frå øsande regn til tjue grader og sol), lese mykje, kafétur og afternoon tea og ein herleg, liten gåtur då vêret var på sitt beste på torsdag. Kjekke ting og tang, men det har gått i eitt, så kjenner det var godt å ha ein ordentleg fridag i dag, ein sundag utan noko på tapetet. Starta dagen med god frukost og resten av timane har eg brukt til å drikke kaffi og lese i ei ny bok. Bittelitt husarbeid blei det også tid til, men elles var det senka skuldre og eit roleg tempo. Ser forresten at det blei eit blogginnlegg kvar dag denne veka. Håper ikkje det blir altfor mykje ;) Ei ny veke er snart i gong, så det er på tide å leggje ut sundagslista:
✦ tilbakeblikk til ein god lesestol, kaffi i ein pen kopp og den underfundige boka Med livet foran seg
✦ kafétur etter jobb på fredag saman med ei av mine beste veninner
✦ diggar denne idéen, nemleg å servere restemat i bryllaup
✦ oktobersola som skein gjennom haustblada oppe ved Vålandstårnet
✦ gå ein liten tur etter jobb i herleg haustsol, hand i hand med mannen min
✦ afternoon tea med ein kjempefin gjeng etter jobb i går.
✦ joda, eg veit dei blir større, men tenk å ha ein minigris springande rundt i stova – så søte
✦ følgje med på interiørprogrammet Eventyrlig oppussing
✦ den raude fargen og den kvite "innramminga" på eit bygg nesten midt i byen
✦ høyre på to spor frå Fantastic Beasts II, gleder meg til å sjå filmen og høyre resten av musikken
✦ fine og koselege kommentarar som blir skrive her på bloggen
✦ måtte ta bilete av denne boka sidan det var ein tuba på forsida; det er jo det mannen min speler
✦ kjekke arrangement på jobb
✦ blir så glad av ei sterke haustfargane, dei held meg oppe når det regnar som verst ute
✦ eg slukte Jenta som ble igjen på toget førre helg, ei tjukk bok full av sårheit og varme
✦ Synne har her funne gamle bilete frå arkivet til bymuseet i Oslo, rett og slett stilig å sjå
✦ gult haustlauv, brunt haustlauv og nye gummistøvlar ved Breiavatnet på veg til jobb

Merkelapp
sundagsliste
13. okt. 2018
Avslappande dagar i Cawood
Å drikke morgonkaffien eller ettermiddagsteen ved dette vindauget. Vindauga inne på Cawood Castle er noko for seg sjølv, og eg blei forelska. Sprossene som er forma slik at dei dannar eit rutemønster, ornamenta heilt øvst og den bua fasongen. Den djupe vindaugskarmen og dei lange gardinene med eit mønster som passar perfekt til bygget. Å lese i gjestebøkene som går heilt tilbake til dei fyrste åra etter at slottet var restaurert. Ingen tvil om at historia er godt bevart.
Me budde der "berre" i tre dagar og prøvde difor å kjøpe mat som det gjekk an å bruke opp. Laga dimed heilt enkel pastamiddag med kjøttdeig i tomatsaus og salat ved sidan av to av dagane. Om kveldane drakk me te, skreiv eit par postkort og las i kvar vår bok. Det blei mykje lesing og det gjorde så godt. Null nett eller TV som distraherte oss, berre oss i godstolen og ei god bok i fanget. Her tok me verkeleg ferie. Var jo oppe og tok eit bilete av det "ordentlege soverommet" sjølv om me altså sov i himmelsenga i stova. Me var einige i at det hadde vore kult å ta rommet i bruk, men for det fyrste var det noko med å varme opp alle romma og for det andre var det koselegare med himmelseng og gode lesestolar der me skulle sove. Kjøpte forresten nokre sjokoladar i nydeleg innpakking; biletet er tatt her heime, men me hadde noko søtt attåt teen om kvelden der borte.
Ein av dagane fekk me sol og nesten sommar, så etter å ha vore ute på ein liten utflukt, slappa me av oppe på taket i kvar vår solstol. Koseleg å sitje der, oppe på slottstaket og kjenne sola varme. Finfin utsikt over den lille landsbyen med alle dei rustraude hustaka. Hygge. Ordentleg feriehygge

hygge,
mat og drikke,
reise
12. okt. 2018
Gyllent lys over byen vår
Lyset no om hausten. Sola som skin på dei gylne blada på trea slik at dei blir endå meir gylne. Brune, gule og grøne. Sukk. Blir aldri lei. I går og på onsdag var vêret her i byen berre heilt fantastisk, temperaturen var opp mot tjue grader. Og det nesten midtvegs i oktober.
Gjekk ein liten tur opp til Vålandstårnet i går, hand i hand. Av og til er det nok å berre komme seg ut; turen treng ikkje å vere så lang. Har sett utsikta mange gongar før, men det var ei stund sidan sist, og den var ekstra fin med oktoberlyset og haustfargane. Glad i byen vår. Tenkjer det blir ein roleg fredag sidan eg skal jobbe i morgon i tillegg til noko sosialt på kvelden. Lag deg ei flott helg!

11. okt. 2018
Vårt eige lille Downton Abbey
Trur me begge var mållause då me fyrst såg oss omkring i slottet. Nesten litt for stort når det berre var oss to, men likevel så stilig å bu slik for nokre dagar. Når du leiger hos The Landmark Trust, blir du møtt med oppreidde senger, det finaste teserviset, fullt utstyrt kjøkken og ein perm med diverse informasjon. Mat, drikke og toalettartiklar (om ein ser bort frå toalettpapir og handdukar) må ein fikse sjølv, men det gjekk heilt fint. For oss blei dette ei kjempebra oppleving! Himmelseng og gode lesestolar foran peisen, ein (nesten) hemmeleg dør og eit koseleg, lite bad midt i mellom to etasjar.
Om nokon lurer, så er det berre den eine delen av slottet som er restaurert, og det er den delen med tårnet på. Ei smal vindeltrapp midt i bygget går mellom etasjane og mellom etasjane finn ein eit lite toalett (ned mot kjellaren) og som nemnt eit bad (opp mot andre etasje). Andre etasje er eit stort soverom, men me enda opp med å sove i himmelsenga i det som ein sånn sett vil kalle stova. Måtte jo opp på taket og sjå korleis det såg ut der. Ikkje akkurat sol og sommar den dagen me kom, så akkurat då blei det med svippturen. På denne plassen slappa me av, las mykje og tok livet med ro.
Merkelapp
reise
10. okt. 2018
Spasertur blant dei sterkaste haustfargane
Ute på ein grussti, rett ved Frognerseteren og Holmenkollen. På laurdag hadde me få planar, var vel eigentleg berre musikalen på kveldstid som faktisk stod på programmet. Sto opp halvseint, åt god frukost (varmt, heimebakt brød) og slappa av. Etter kvart tok me på oss yttertøy, tok trikken ned til Jernbanetorget og T-bana vidare til Frogneresteren. Kaffi og god lunsj, og for ein flott plass! Må vel seie at det var stas å vere der. Etterpå traska me ein akkurat passe tur i nærleiken av akebakken Korketrekkeren. Eg veit eg allereie har delt haustbilete her dei siste vekene, men altså, sjekk ut fargane i dette området. Raud og gult og oransje og grønt, så sterke og friske. Det går ikkje an å bli lei av haustfargane. På grå dagar som den i går og måndag varmar dette litt ekstra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)