11. okt. 2024

Grantchester

 
The Church of Saint Andrew and Saint Mary, Grantchester. Møtte verken presten eller politifolka, for eg snakkar så klart om den britiske krimserien Grantchester. Men det var no likevel fint å berre gå litt i landsbyen etter at me hadde slappa av i den flotte hagen. Skilt som tydeleg viste kor me var, eit "reading room" der ein kan ha små konferansar eller liknande og ekte britisk stil rundt i gatene.
 





Grøne tre og store blomar i alle moglege fargar, mykje fint å sjå før me tok bussen tilbake til Cambridge. Bussen gjekk ikkje ofte, så her var det om å gjere å passe tida. Alt i alt var det ei koseleg utflukt til ein landsby eg kjenner frå TV. Og så kom bussen, og me sa "ha det" til Grantchester.

9. okt. 2024

The Orchard Tea Garden


Tok det ganske roleg den fyrste dagen vår i Cambridge. Eller, heilt roleg var den ikkje sidan me tok oss ein gåtur til ein nabolandsby, men stort meir enn det på planen hadde me ikkje. Skulle gå eit stykke langs elva Cam og stoppa ganske raskt, for berre sjå den gamle, fine brua! Den var designa av William Etheridge og blei bygd av James Essex i 1749. Wooden Bridge er det eigentlege namnet på brua, men den blir kalla Mathematical Bridge på grunn av den matematiske strukturen der tømmera støttar seg sjølv. Fascinerande! Langs elva var det i tillegg fine kyr som beita, det var solstolar foran ei bustadblokk, me såg ei hegre og ikkje lenge etterpå ein liten svanefamilie i graset.




Landsbyen me skulle gå til, var Grantchester. Høyrest namnet kjent ut?! Jepp, det har du rett i, for NRK har nemleg sendt den britiske krimserien Grantchester på skjermen, og landsbyen ligg altså ikkje langt utanfor Cambridge sentrum. Ein akkurat passe lang gåtur midt i ferien.



Min betre halvdel hadde titta litt på kartet og funne ein kafé han tenkte me kunne besøke. The Orchard Te Garden var litt meir enn berre ein kafé, for det er ein stor hage med epletre, mange sitjeplassar og veldig avslappa stemning. Det var lang kø inne i huset der ein tinga maten, men til slutt sette me oss ned ved eit bord ute i hagen med cream tea (eg juksa og hadde cappuccino ved sidan av sconesen). Maten var god, og etterpå sat me der ei stund og las, berre naut det å ha ferie.

7. okt. 2024

Luftetur i nabolaget



Fargane ute nett no. Oktober, du kan vere ganske så fin. Gule blad på trea, eit einsleg gyllenbrunt blad på bakken midt i skuggespelet og dei raudoransje bæra. No er det ordentleg haust.




Kvit, lita fjør i det enno så grøne graset. Haustlauv i mange fargar midt i ei rundkøyring. Og så dei vakre hestekastanjane. Nei, desse kan ein ikkje bake og sidan ete, men dei er veldig flotte som dekor. Eller berre å ha i lomma medan ein traska sakte heim. Luftetur i nabolaget i den friske oktoberlufta.

6. okt. 2024

Ein slik start på oktober




"It is impossible, of course, to say exactly when childhood reading stops and adult reading begins." Så mange gode barndomsminne om lesing, og boka Bookworm av Lucy Mangan handlar om nettopp dette. Ei kjekk bok å lese, og det gjer så godt å fortsetje å lese bøker som gir meg så mykje. Kjipt å vere forkjøla, for denne veka var det min tur. Heldigvis ikkje så ille som førre runde, så eg skal ikkje klage for mykje. Ute har det vore kanonflott, og det har vore så herleg å anten gå eller sykle til jobb. Greie dagar på jobb, orkesterøving på tysdag (det byrjar å nærme seg konsert) og ei roleg helg med mykje lesing og kaffi, ein akkurat passe luftetur i dag. Resten kjem i punkta under:
 
✦ at oktober har starta så fint med sol og frisk haustluft
✦ Lucy Mangans memoarar Bookworm om barndomens lesing var ei fin og artig bok
✦ og kjekt å høyre denne episoden av The Comfort Book Club om nemnde bok
✦ så gøy å lese vidare om alle i Mummidalen; Trollmannens hatt er bok nr. tre
✦ kjenne sola i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
✦ og så klart lese litt medan eg traska av garde
✦ miniluftetur i dag gjorde godt etter ein innelaurdag med tett nase
✦ lenge sidan me har sett på Maru, men han er stadig ein like morosam pus
✦ papirvekta vår frå Kew Gardens 
✦ kveldshimmelen over Vågen rett før orkesterøvinga
✦ ein kunde som skraut av toppen eg hadde på meg, ein hekla topp som mamma har laga 
✦ laurdagstaco og ein kjekk film i lag med mine betre halvdel
✦ fortset å sjå filmatiseringar av The Secret Garden, denne gongen 1987-versjonen
✦ eg fall for Callie, Rhys og Ruby – Making Wishes at Bay View av Redland er ei herleg historie
✦ fargerikt tre sett på veg til jobb 
✦ oktoberlyset! 
✦ fikse to bukser og hempene på eit par handklede, ordentleg syverkstad 
✦ "Top 10 Movies Soundtracks That Give Us Chills" – Ringenes Herre, Løvenes konge og Inception
✦ skuggespel på to hjul langs Mosvatnet
✦ Heartstopper er i gong med sesong tre, og den er så himla fin, rørande og alt på ein gong 
✦ likte ikkje New Beginnings at Seaside Bloom like godt som Making Wishes, men likevel ei søt bok
✦ sundagskjensla med Dag og Tid (reportasje om Færøyene), kaffi og noko attåt frå Ryfylke bakeri

4. okt. 2024

Kew Gardens i stova




God fredag med denne flotte papirvekta. Eller ei brevvekt, alt etter auget som ser. Klarte ikkje å gå forbi den i butikken i Kew Garden, den fanga merksemda mi med ei gong, og no står den her på eit lite bord i stova og lyser opp med sine evigvarande blomar. Liten bit av Kew Gardens i heimen.

2. okt. 2024

Dagstur opp til hytta




Små, gule blad på trea rundt hytta. Haustkjensla. Grått over vatnet, men også det gir ei kjensle av haust. På laurdag var me ein tur opp til hytta ved Moslivatnet for ein liten dugnad.
 

Trefelling, vedhogst og generell rydding av uteområdet stod på planen, og den nye, lille elektriske saga til mamma var god å ha til greinene og dei mindre trea. Regnet kom litt i ny og ne medan me jobba, men det store plasket kom heldigvis etter at me hadde fått gjort unna arbeidet.




Lesestund med kaffi og noko attåt blei det også tid til. Alltid ;) Kjempegøy å teste ut det (for oss) nye spelet "Hitster", musikkspel er som regel ein slager! Og så kule Zalo, han var også med, særskilt då me sette i gong med å spele musikk, tihi. Porsjonspizza steikt i steinomn smakte heilt ypperleg, og sidan spelte me litt til medan det blei mørkare og mørkare ute. Tubalyset er stadig like stilig, og no når hausten er her, er det jaggu meg på tide å finne fram stearinlysa. Fine timar i godt lag :)

1. okt. 2024

Ennio





Fem gongar var han nominert til Oscar for beste originalmusikk, men fyrst i 2016, den sjette gongen han var nominert, vann han for musikken i filmen The Hateful Eight (han fekk ein æres-Oscar i 2007). Maestro Ennio Morricone. Førre veke såg me ferdig dokumentaren om hans liv og ikkje minst musikken hans, og tårene berre rann dei siste førtifem minutta. Ikkje fordi det var trist, men fordi musikken hans, og då særskilt frå The Mission og Cinema Paradiso, er heilt utruleg vakker. I 2019, året før han gjekk bort, var me i Oslo og fekk sjå han dirigere, og det vil for alltid stå igjen som ei av dei største musikkopplevingane. Kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso blei jo spelt i vigsla vår, og det var stort å få spele den på konsert med orkesteret for to år sidan (så som du skjønner, betyr Morricones musikk mykje). Dokumentaren om Morricone, som ligge ute på NRK Nett-TV, er regissert av Guiseppe Tornatore, ein italiensk regissør som Morricone samarbeidde med på heile tretten filmar. Me kjenner jo godt musikken til The Good, the Bad and the Ugly, The Untouchables, Once Upon a Time in America og dei andre eg allereie har nemnt i innlegget, men det var mange filmar me ikkje hadde høyrt om. Dokumentaren går kronologisk til verks, og det var interessant å få meir kjennskap til andre filmar og komposisjonar. Over kan ein sjå traileren til dokumentaren, og så har eg lagt ved ein video der Morricone dirigerer musikken frå The Mission. Dei fleste kjenner "Gabriel's Oboe", men musikken frå filmen er så mykje meir, høyr berre korleis dei forskjellige temaa frå filmen ligg oppå kvarandre mot slutten av stykket – det er filmmusikkens magi, det.