6. okt. 2024

Ein slik start på oktober




"It is impossible, of course, to say exactly when childhood reading stops and adult reading begins." Så mange gode barndomsminne om lesing, og boka Bookworm av Lucy Mangan handlar om nettopp dette. Ei kjekk bok å lese, og det gjer så godt å fortsetje å lese bøker som gir meg så mykje. Kjipt å vere forkjøla, for denne veka var det min tur. Heldigvis ikkje så ille som førre runde, så eg skal ikkje klage for mykje. Ute har det vore kanonflott, og det har vore så herleg å anten gå eller sykle til jobb. Greie dagar på jobb, orkesterøving på tysdag (det byrjar å nærme seg konsert) og ei roleg helg med mykje lesing og kaffi, ein akkurat passe luftetur i dag. Resten kjem i punkta under:
 
at oktober har starta så fint med sol og frisk haustluft
Lucy Mangans memoarar Bookworm om barndomens lesing var ei fin og artig bok
og kjekt å høyre denne episoden av The Comfort Book Club om nemnde bok
så gøy å lese vidare om alle i Mummidalen; Trollmannens hatt er bok nr. tre
kjenne sola i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
og så klart lese litt medan eg traska av garde
miniluftetur i dag gjorde godt etter ein innelaurdag med tett nase
lenge sidan me har sett på Maru, men han er stadig ein like morosam pus
papirvekta vår frå Kew Gardens 
kveldshimmelen over Vågen rett før orkesterøvinga
ein kunde som skraut av toppen eg hadde på meg, ein hekla topp som mamma har laga 
laurdagstaco og ein kjekk film i lag med mine betre halvdel
fortset å sjå filmatiseringar av The Secret Garden, denne gongen 1987-versjonen
eg fall for Callie, Rhys og Ruby – Making Wishes at Bay View av Redland er ei herleg historie
fargerikt tre sett på veg til jobb 
oktoberlyset! 
fikse to bukser og hempene på eit par handklede, ordentleg syverkstad 
"Top 10 Movies Soundtracks That Give Us Chills"Ringenes Herre, Løvenes konge og Inception
skuggespel på to hjul langs Mosvatnet
Heartstopper er i gong med sesong tre, og den er så himla fin, rørande og alt på ein gong 
likte ikkje New Beginnings at Seaside Bloom like godt som Making Wishes, men likevel ei søt bok
sundagskjensla med Dag og Tid (reportasje om Færøyene), kaffi og noko attåt frå Ryfylke bakeri

Legg igjen ein fin tanke