11. jan. 2023

London-Brussel-Utrecht





Joda, det er faktisk nærmare eit halvt år sidan me var på togtur i England, tida fyk. Etter å ha sett musikalen Anything Goes, var det berre å leggje oss, for neste dag var det reisedag. Åt ein knallgod frukost på ein koseleg kafé sidan hotellet ikkje hadde frukost. Litt dyrt var det, men posjerte egg, avokado, godt brød og kaffi klaga me ikkje på. Pakka resten av sakene våre og traska bort til St. Pancras. Tihi, kjøpte me oss nokre smakfulle makronar frå Ladurée til å ha på toget. Så bar det av garde frå London til Brussel. Frå Brussel vidare til Rotterdam og så til slutt til Utrecht, Nederlands fjerde største by. Blei mykje lesing på toga, og tida gjekk fort. I Utrecht skulle me bu på Bunk Hotel, ein overnattingsplass som er laga om til eit hotell i det som tidlegare var ei kyrkje. Romma var knøttsmå, men likevel koselege, og viss du vil spare endå meir, kan du velje å overnatte i eit lite kapselrom. Knallgod gnocchi til middag og det var kult å berre gå rundt og sjå på alle dei festlege detaljane. Fekk dessverre ikkje sett mykje av Utrecht, men både den byen og generelt meir av Nederland ønskjer me å få oppleve ein annan gong. Las i kvar vår bok resten av kvelden.

9. jan. 2023

Kjente figurar som dansar på bordet



Mummi-englespelet som snurrar rundt og rundt. Dei kjente figurane frå Tove Janssons bøker lyser opp i stova vår. Skuggespel på den kvite telyshaldaren, skuggespel av nettopp Mummi-figurane som sakte, men sikkert beveger seg rundt i ring. Viss du tar ein titt på videosnutten, ser du det endå betre enn på bileta. Når eg sit og les om kvelden, dansar dei rundt på bordet. Eit lys som skaper varme og hygge på grå, regntunge vinterdagar. Eller på hustrige haustdagar, kanskje ein blåmåndag.

8. jan. 2023

Vedlikehaldsveke med vasking av ein foss





Vasking av ein foss er det eg har gjort mest av denne veka. Det høyrest så rart ut når eg skriv det slik utan kontekst, men som eg skreiv på måndag, heiter den eine installasjonen på Vitenfabrikken "Fossen", og no i vedlikehaldsveka har eg hatt ansvar for å vaske kara, sjekke vasspumpene og bytte vatn. Eg har også hjelpt til med å måle eit par strok ved ein annan installasjon, støvtørking og rydding. Her heime har me rydda vekk jula, og med det gråvêret som har vore denne helga, har det blitt nykje lesing og strikking. I går hadde me kaffibesøk av mamma, tante, ei kusine og hennar søskenbarn. Spelte kortspel og etterpå stakk me til Rogaland Teater for å sjå Narnia. Jepp, det var fyrste januarveka frå denne kanten – snart er det leggjetid, må berre dele vekas kjekke punkt fyrst:
 
✦ The Snowman er ein klassikar, eg likte godt Morpurgos versjon (biletet frå då det framleis var snø)
✦ fargerik lyng og juletrelys midt i sentrum
✦ og når me snakkar om sentrum: blir enno glad for dei flotte vinterlysa som er å finne i Langgata
✦ laurdagstaco og den herlege animasjonsfilmen Klaus på Netflix 
✦ ei veninne som tidlegare i dag skreiv til meg og takka for all leseinspirasjon eg deler på Instagram 
✦ tinge billettar til musikalen Så som i himmelen i Oslo som eg skal sjå i lag med ei veninne
✦ Kristian Kristensens versjon av Bjørn Eidsvåg sin song "Eg ser" på Hver gang vi møtes
✦ lese den herlege boka No Room at the Little Cornish Inn, sukk, bøker om og frå Cornwall, altså!
✦ kult å prøve ordvarianten av spelet "Bezzerwizzer"
✦ kaffibesøk i går av fine folk, kjekt å spele "UNO"
✦ ein annleis teateroppsetting av Løven, heksa og klesskapet, men eg synest den var kjekk
✦ og måten dei brukte klassiske verk som "Valkyrierittet" og "Nessun Dorma" i oppsettinga var artig
✦ lesetid både på toget og her heime om kveldane
✦ eigentleg førre sundag, men fromasjostekaka som mamma hadde laga, var heilt ypperleg!
✦ musikalversjonen av Matilda ligg ute på Netflix, og den er ordentleg fin
✦ og apropos musikalen Matilda: høyr Tim Minchin syngje "The Aeroplane"
✦ drikke ein knallgod cappuccino hos Coffeeberry medan eg venta på toget
✦ fortsetje å høyre podcasten The Friendship Onion med Billy og Dominic frå Ringenes herre
✦ at det faktisk var stille i stillevogna på toget ein morgon i lag med alle skuleungdommane
✦ sundag med gråvêr ute, men strikking, lesing og kaffi inne

6. jan. 2023

2022 i tolv bilete


Sjette dagen i 2023, det er på tide å oppsummere fjoråret. Tenkte eg skulle gjere slik eg har gjort dei siste åra – med tolv bilete – men prøve å vere litt kortare. Framheve det viktigaste. Også 2022 var innimellom ein berg-og-dal-bane, og det starta med restrikasjonar og eit bookingssytem frå helvete. Heldigvis tok det seg opp, me hadde ein knallfin sommar med interrailtur, og i august byrja eg i eit årsvikariat ved Vitenfabrikken. Januar i fjor starta med ein roleg nyttårsmorgon med lesing og strikking. Me spelte "Takenoko", gjekk Mjughaugturen, sesongfinalen av Endeavour, konsert med Stavanger Symfoniorkeser på NRK Nett-TV, byrje på leseutfordringa #readchristie2022, sjå finaste Moonrise Kingdom, gleda i vintersola, ta tredje stikk, REKO-ringen og fleire morgonar med stearinlys og lesing.



Februar: snøklokkane byrja å poppe opp, ein minitur i snøvêret og sidan innom kunstmuseet, nytt strikkeprosjekt, nytt orkesterprosjekt, bowle med mannen min og broremann, sjå kosekrimserien Hetty Wainthropp Investigates, skryt frå badegjestane på jobb, fastelavnssundag, høyre på musikalmusikk medan eg vaska på jobb, nyheitene om invasjonen i Ukraina og vår tur til å få "den der sjuka".



Mars: puslespel, gjenlesing av den aller besteste boka Red, White and Royal Blue av Casey McQuiston, bokklubbmøte, fleire snøklokkar, gå Husabøturen der me såg fleire fine sauar, klippe håret, filmkveld hos eit venepar, teste ut Afternoon Tea på GamlaVærket, lilla og kvite krokusar, seie opp jobben i svømmehallen og filmmusikkkonsert med orkesteret.



April: soloppgang over svømmehallen, bowle i lag med heile familien, gå ein liten tur rundt Vannassen i lag med broremann, tre nye bruktkupp, filmnostalgi då eg såg Kamilla og tyven, hekta på å lese Herriot-bøkene, heimelaga pasta carbonara på bursdagen min, kjempeflott bukett og helsing på døra av ei god veninne, kaninar på Hundvåg, "Påskelabyrinten" og ei ordentleg hyttepåske med rosa himmel over Moslivatnet, te og filmen tick, tick...BOOM! i lag med ei veninne og kinotur med ei anna veninne, påskekrim, mykje lesing, Heartstopper på Netflix, balkonglesing og Hans Zimmer-konsert i Oslo.



Mai: sundagstur med sol i andletet, laurdagsmiddag og god sitronostekake på Sola, søtaste lamma oppe på Ullandhaug, bunad og mangopai på 17. mai, meir strikking, rosa blomar på trea overalt, komedien Some Like it Hot, sundagstur i Rogaland arboret med piknik under trea, ete ute på restaurant for å feire mamma og pappas rubinbryllaupsdag, fredagsmakronar og feire ullbryllup.



Juni: kule Midgardsormen over Frøylandsvatnet, Vamps Våken drøm på teateret med familien, lese i det grøne ved Vannassen, orkesterkonsert, besøk av Zalo som gjerne var med å ete frukosten med oss, strikke ein sommartopp, meir balkonglesing, teste ut det artige spelet "Imagine", kinobesøk, Gladmatfestivalen med ei veninne og min siste dag i svømmehallen.



Juli: mange timar ute i sola ein dag ved Vannassen, teste ut Skjæveland Gardsutsalg, den årlege Kronen Gaard-middagen, vassliljer, elles togtur i England med så mykje gøy å sjå og oppleve (sjekk ut alle innlegga eg la ut i haust under emneknaggen "reise", Christie og Herriot var to av dei store høgdepunkta) og avslutta månaden med besøk på Heddas gård.



August: meir sommareferie, tog tur-retur Sunnmøre der me besøkte svigers, Bybadet i Ålesund, Devoldfabrikken, bruktbutikken Kyrkjetorget, finaste Stolt Mat, august var ein god lesemånad, hyttetur og bading i Moslivatnet, treffe nokre venar ute ein kveld, balkonglesing med vår flotte lanterne, nok eit besøk av Zalo som diggar frukost, nytt album frå Markéta Irglová og byrje i ny jobb på Vitenfabrikken.



September: fortsetje å lese på toget til og frå jobb, ete ute i Sandnes sentrum om tysdagane før orkesterøvingane, spele "Azul", utandørskonsert på Heddas, piknik i den botaniske hagen, avdelingssamling ute på Mosterøy, ete på restaurant med kollegaene mine, lese ut The Reading List, besøke Garborgheimen, prate om strikking og synge på ein Kaptein Sabeltann-låt i lunsjpausen i lag med ein kollega, musikalen Matilda på Folketeateret i Oslo, tur rundt Stokkalandsvatnet og skaparfestivalen.



Oktober: laurdags- og sundagstur med krøllebølle, haustblad på bakken, lese ei bok om bøker og leseglede, sundagsmiddag og kortspel på Sola, fortsetje å sjå Ringenes herre-filmane, haustferie med fullt trøkk på jobb, superkoseleg å ete middag, prate, le, strikke og drikke te med to gode veninner midt i vek, ny strikkatopp, vakker soloppgang langs togskjenene, gå Heddåturen med nydeleg haustfargar overalt, spele konsert med orkesteret, sjå Carmen i konserthuset med ei god veninne og ete heimelaga viltkarbonadar til middag.



November: Solamessen, lage heimelaga scones og clotted cream, kjempekoseleg å besøke eit venepar etter jobb på torsdag, så mykje god prat og herleg latter, musikalen Så som i himmelen i konserthuset (det er ei av dei største musikalopplevingane for min del), feire farsdagen heime på Sola, svømme i Austrått svømmehall, italiensk avfelling på ein pastelldraum, julemarknad på Varatun gård, tur i Melsheia med mannen min, broremann og Balto, stjernedagen og trombonespeling på jobb og byrje å høyre på julemusikk.



Desember: kinokonsert med ein tjue år gammal film (den andre Harry Potter-filmen med live filmmusikk i konserthuset), julekakebakeverkstad, opning av astronomiutstillinga, vinterlysa i Langgata, dynesundag med god kaffi og kjekke bøker, heimelaga vegetarlasagne, mormorserviset, latter og mykje prat i lag med eit venepar, bake lussekattar, få med oss UiS sin julekonsert, stikke innom Heddas gård etter å ha vore på Jørpeland med litt av tantes flyttelass, tur rundt Mosvatnet i nydeleg vintervêr, gode varer frå REKO-ringen, julekonsert med Bugge Wesseltoft, ein akkurat passe roleg og finfin juleferie, treffe ei av mine beste veninner i løpet av ferien og feire nyttår med knallgod pizza og filmen Glass Onion: A Knives Out Mystery.

4. jan. 2023

Musikalsk båttur på Barbican Centre


Framleis har eg nokre bilete frå interrailturen vår som eg gjerne vil dele her på bloggen (hi, hi, eg byrjar å nærme meg slutten, altså). Me hadde berre ei natt i Thirsk, og etter frukosten på Kirkgate House Hotel, kom me oss til togstasjonen. Og så må eg nesten le, i alle fall no i etterkant, for også den dagen var det togtrøbbel: skade på ein av hovudkablane. Ein liten togtur blei til tre togturar der det var heilt stappfullt på dei to siste toga inn mot London. Men me kom oss fram, fann fram til hotellet, eit ganske rimeleg eit nær St. Pancras togstasjon der me dagen etterpå skulle ta toget til Brussel. Åt ein enkel vegetarmiddag og sidan drog me til Barbican Centre. For ei natt i London betyr ein musikal, og på planen den kvelden var den herlege musikalkomedien Anything Goes med musikk av Cole Porter. Me hadde god tid, og sat difor utanfor ein kafé på senteret med kvar vår kaffi og eit lite kakestykke. Litt av ein plass med vassliljer, rennande vatn, palme og betongbrutalisme, midt i London. Storkoste oss og lo gjennom heile musikalen, ein veldig bra siste kveld i England.

2. jan. 2023

Frostrøyk


Markagarn frå Oslo Mikrospinneri. Trur dette er eit av mine absolutte favorittgarn, og denne kremgrønturkise fargen er ordentleg fin. Tidlegare har eg strikka ein topp i ein i jeansblå farge og ein annan i smaragdgrøn. Blandinga av lamull, lin og morbærsilke er mjuk og herleg, og garnet pustar godt slik at sjølv om det er femti prosent ull, kan ein strikke korterma toppar til å bruke om sommaren utan at dei blir for varme. Det blir ein korterma topp også med denne fargen, som heiter frostrøyk. Vanskeleg å fange fargen nyaktig, men den er noko sånn som pastellgrøn med eit hint av lyseblått. Heilt nydeleg! Eg har fått strikka litt i kveld etter ein dag på jobb der eg har vaska ein foss. Ein foss, går det verkeleg an å vaske ein foss?! Tihi! Så klart er det ikkje ein ekte foss, men derimot er det ein vassinstallasjon som blir kalla "Fossen". Me har nemleg stengd for publikum denne veka for vedlikehald, og det er ganske mykje som skal bli gjort i løpet av dei neste dagane.

1. jan. 2023

Nyårsliste




Vel å merke ikkje ei lang liste frå det nye året sidan seks av sju dagar denne veka var i 2022. Men sundagslista kjem no i dag, 1. januar. Eit nytt år er i gong. Gårsdagens feiring med pizza og film i lag med broremann blei veldig bra, akkurat passe for ein nyttårsaftan på ein laurdag. Måndag og tysdag hadde eg fri og me har spelt brettspel med familien, eg har fått lese ein del og prata mykje med ei veninne som eg dessverre ikkje ser så ofte sidan ho bur i Trondheim. Dei tre neste dagane var eg på jobb der det jamt over var godt med folk innom. Meir lesetid og ein del strikketid no i helga, og eg har kost meg med å sjå noko kjekt på skjermen medan eg strikka maske etter maske. Sein frukost i dag, film, strikking, litt lesing og til slutt sundagsmiddag og brettspel heime på Sola. Veit ikkje om eg er klar for å ta fatt på januars fyrste veke, men pyttsann. Her er årets aller fyrste sundagsliste:
 
✦ lese juleheftet Juleroser, både frå 2021 og 2022
✦ høyre på vakraste "Benedictus" på jobb medan eg rydda inne på LEGO-rommet
✦ den finaste juleduken, julekaker og kaffi i eit nesten hundre år gammalt servise
✦ Zalo som heng opp-ned på capsen til pappa 
✦ sundagsmiddag heime på Sola 
✦ alltid flott å høyre på stemma til Markéta Irglová
✦ gøy å byrje på eit nytt strikkeprosjekt
✦ det varme og gylne lyset frå adventsstjerna i stovevindauget
✦ treffe kjentfolk på jobb to gongar i løpet av fredagen 
✦ "Stjernesludd" med Kim Rysstad og London Philharmonic Orchestra
✦ fint, kjekt og rørande å sjå Harry Potter 20th Anniversary: Return to Hogwarts på HBO
✦ julekaker på eit retrofat, god kaffi og mykje prat med veninna mi fleire timar på tysdag
✦ få gode, mjuke lesesokkar til jul
✦ minitur med krøllebølle og Milo, kvalpen til ei av mine beste veninner, 2. juledag
✦ lage tre forskjellige laurdagspizzaer og smake litt på alle 
✦ korleis ein liten kattunge prøver å vekke ein mykje større hund
✦ Sarah Morgans julebok One More for Christmas
✦ mykje quiz og brettspel i løpet av juleferien i lag med familien
✦ plasmakula på jobb er like fascinerande kvar einaste dag
✦ som me lo og koste oss då me såg Glass Onion: A Knives Out Mystery i går kveld
✦ nordlysfargar i kaleidoskopet på jobb
✦ kaffi, lesesokkane og boka A Literary Christmas tidleg om morgonen i helga