2. jan. 2023

Frostrøyk


Markagarn frå Oslo Mikrospinneri. Trur dette er eit av mine absolutte favorittgarn, og denne kremgrønturkise fargen er ordentleg fin. Tidlegare har eg strikka ein topp i ein i jeansblå farge og ein annan i smaragdgrøn. Blandinga av lamull, lin og morbærsilke er mjuk og herleg, og garnet pustar godt slik at sjølv om det er femti prosent ull, kan ein strikke korterma toppar til å bruke om sommaren utan at dei blir for varme. Det blir ein korterma topp også med denne fargen, som heiter frostrøyk. Vanskeleg å fange fargen nyaktig, men den er noko sånn som pastellgrøn med eit hint av lyseblått. Heilt nydeleg! Eg har fått strikka litt i kveld etter ein dag på jobb der eg har vaska ein foss. Ein foss, går det verkeleg an å vaske ein foss?! Tihi! Så klart er det ikkje ein ekte foss, men derimot er det ein vassinstallasjon som blir kalla "Fossen". Me har nemleg stengd for publikum denne veka for vedlikehald, og det er ganske mykje som skal bli gjort i løpet av dei neste dagane.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Wow så nydelig fint garn! Gleder meg til å se den toppen ;) Godt nytt år forresten! Håper dere hadde en fin juleferie ♥ Varm klem fra oss i kattelivet.

Silje sa...

Elskar det garnet, og denne fargen er sånn herleg pastellsommarfarge! :) Me hadde ein akkurat passe fin og roleg juleferie, godt nytt år til deg og dine også, Ida! ♥

Legg igjen ein fin tanke