8. jan. 2023

Vedlikehaldsveke med vasking av ein foss





Vasking av ein foss er det eg har gjort mest av denne veka. Det høyrest så rart ut når eg skriv det slik utan kontekst, men som eg skreiv på måndag, heiter den eine installasjonen på Vitenfabrikken "Fossen", og no i vedlikehaldsveka har eg hatt ansvar for å vaske kara, sjekke vasspumpene og bytte vatn. Eg har også hjelpt til med å måle eit par strok ved ein annan installasjon, støvtørking og rydding. Her heime har me rydda vekk jula, og med det gråvêret som har vore denne helga, har det blitt nykje lesing og strikking. I går hadde me kaffibesøk av mamma, tante, ei kusine og hennar søskenbarn. Spelte kortspel og etterpå stakk me til Rogaland Teater for å sjå Narnia. Jepp, det var fyrste januarveka frå denne kanten – snart er det leggjetid, må berre dele vekas kjekke punkt fyrst:
 
The Snowman er ein klassikar, eg likte godt Morpurgos versjon (biletet frå då det framleis var snø)
fargerik lyng og juletrelys midt i sentrum
og når me snakkar om sentrum: blir enno glad for dei flotte vinterlysa som er å finne i Langgata
laurdagstaco og den herlege animasjonsfilmen Klaus på Netflix 
ei veninne som tidlegare i dag skreiv til meg og takka for all leseinspirasjon eg deler på Instagram 
tinge billettar til musikalen Så som i himmelen i Oslo som eg skal sjå i lag med ei veninne
Kristian Kristensens versjon av Bjørn Eidsvåg sin song "Eg ser" på Hver gang vi møtes
lese den herlege boka No Room at the Little Cornish Inn, sukk, bøker om og frå Cornwall, altså!
kult å prøve ordvarianten av spelet "Bezzerwizzer"
kaffibesøk i går av fine folk, kjekt å spele "UNO"
ein annleis teateroppsetting av Løven, heksa og klesskapet, men eg synest den var kjekk
og måten dei brukte klassiske verk som "Valkyrierittet" og "Nessun Dorma" i oppsettinga var artig
lesetid både på toget og her heime om kveldane
eigentleg førre sundag, men fromasjostekaka som mamma hadde laga, var heilt ypperleg!
musikalversjonen av Matilda ligg ute på Netflix, og den er ordentleg fin
og apropos musikalen Matilda: høyr Tim Minchin syngje "The Aeroplane"
drikke ein knallgod cappuccino hos Coffeeberry medan eg venta på toget
fortsetje å høyre podcasten The Friendship Onion med Billy og Dominic frå Ringenes herre
at det faktisk var stille i stillevogna på toget ein morgon i lag med alle skuleungdommane
sundag med gråvêr ute, men strikking, lesing og kaffi inne

Legg igjen ein fin tanke