22. mai 2022

Stort smil i bunad og mykje bra vêr




Kan ikkje seie noko anna enn at me har vore superheldige med vêret denne veka! Bittelitt regn har det dotte ned frå himmelen, men det er nesten ikkje noko å nemne. Ser det skal bli mykje regn i veka som kjem, så eg er veldig glad for at me har fått vore ein del ute. Tidlege morgonar har det også blitt, slapp no unna den supertidlege sidan det då var 17. mai og fridag. Me hadde ein kjempefin dag med både avslapping og nokre timar i lag med kjekke folk. Eg har fått strikka eit par omgangar kvar dag, lese i gode bøker og såg nyleg ferdig sesong to av All Creatures Great and Small. Hadde spart dei to siste sidan eg ikkje ville at det skulle vere ferdig – heldigvis har eg framleis bøker eg kan lese som Herriot i si tid skreiv, bøker som serien er basert på. I går var ein superroleg dag medan me i dag var ute og gjekk og sidan hadde piknik. Kjempekoseleg! Over til resten av denne veka:
 
liker godt å lese Elizabeth Strouts bøker, og den nyaste boka hennar Åh, William! er også bra
rørande frieri og julestemning i dei to siste episodane av All Creatures Great and Small
ny vlog frå Jonna og den nydelege plassen Grundtjärn
starte 17. mai med ein god kopp kaffi og lesing
pasta carbonara utpå kvelden på tysdag
golden retrieveren Bailey som er litt forfjamsa når ein liten kvalp stel senga hans
heimelaga laurdagspizza og den kulaste komedien Some Like it Hot frå 1959
sykle ein omveg på veg heim frå jobb på fredag i strålande solskin
stilig å ta med forskjellige bilete og besøke diverse innspelingsplassar frå Heartstopper
ha på bunaden på nasjonaldagen!
lese ute på balkongen, får alltid ei ro av ei stund med ei god bok ute i sola
bittelille Gabby som prøver seg på sine fyrste hopp
sundagstur i Rogaland arboret med både skog, fuglesong og blomar
piknik etter å ha gått ein liten runde i arboretet
opningsnummeret frå Tony Awards 2019 med James Corden i spissen 
havrekjeks, heimelaga kaffe latte og ei koseleg bok
knallgrøne tre overalt
programmet 70 år med Edinburgh Military Tattoo som eg såg på 17. mai
kvite, mjuke dottar langs grøftekanten på veg til jobb
framleis eit par rosa blomar på trea
fascinerande å sjå "hestane" i teaterstykket War Horse
mangopai som verkeleg fall i smak!
mannen min fekk ein flott bukett på jobb førre helg, og den passa ypperleg som 17. maibukett

20. mai 2022

Gul kake, grønt gras og eit flagg i raudt, kvitt og blått 🇳🇴





For ei knallgod mangokake! Eller mangopai som den heiter i oppskrifta frå Det søte liv. Eg laga kaka etter jobb på måndag, og så pynta me den tysdag før me skulle bort til venane våre. Vår 17. mai starta med ein god frukost, kaffi og lesing og sidan korpsmusikk, både rett utanfor blokka og på TV-en (gardemusikken). Etter rolege timar, var det på med finstasen. Som vanleg blei det tid til fotografering, like gøy kvart år å svinge med bunadsskjørtet! Koseleg var det også at ein tilfeldig turgåar spurde om han skulle ta eit bilete av oss to, er jo ikkje så ofte at me er så fint pynta!
 


Litt over tolv traska me bort til veneparet som atter ein gong hadde invitert ein fin gjeng til å feire dagen i lag. Det blei jo ikkje feiring der i fjor på grunn av pandemien, men dei fleste føregåande åra er det hos dei me har vore. Kjekt å vere sosial og det var mykje artig prat. Og så mykje god mat og kake (eg digga foccaciaen!), verkeleg noko for ein kvar smak. Verka som om mangokaka fall i smak, og mannen min fekk mykje skryt då han dagen etter hadde med kakerestar på jobben ;)




Heimehekla 17. mai-pynt, herleg detalj som i alle fall eg likte ekstra godt. Som for to år sidan, blei det eit par rundar med (det me kallar) plendart. Me lo høgt, for det var vel ingen av oss som var noko særskilt gode, men moro var det lell. Før klokka var fem, traska me heim igjen, glade og nøgde etter ein akkurat passeleg feiring. Lot det gå eit par timar før me åt heimelaga pasta carbonara til middag – det er visst blitt vår syttandemaimiddag. Morgonskift = tidleg til sengs etter ein bra dag.

18. mai 2022

Strikketid langs togskjenene


Fridag i går, og me hadde ein kjempefin 17. mai-feiring; tenkjer det kjem nokre bilete på fredag. Etter å ha vore hos fine folk og feira ein del av dagen der, var det heilt greitt å slappe av med ei god bok her heime, og etter kvart tok eg fram strikketøyet. For strikking er verkeleg blitt min hobby nummer to. No er komme noko lengre på genseren enn det som kjem fram på bileta, men det var på togturen til Oslo eg verkeleg kom i gong med dette bondeblå prosjektet. Ein rett, ein vrang. Ein rett, ein vrang medan landskapet fauk forbi. Ro i kroppen. Ekte strikketid langs togskjenene.

16. mai 2022

Skinande fargar




Overalt kor eg går, ser eg blomar og grøne vekstar. Løvetann og markblomar langs grøftekanten, grøne blad på trea eg passerer medan eg syklar og fargerike blomar i alle slags variantar i den botaniske hagen. Å sykle til jobb ti over seks i dag tidleg var ikkje så ille med ei sol som allereie stod relativt høgt på himmelen. Og det ser ut til å bli like strålande i morgon, på sjølvaste 17. mai. Våren som kjem, år etter år, ei lysare tid der fargane får skine. Sykle utan skjerf og hanskar, kjenne dagane som blir lengre og lengre, sitje ute på balkongen i sola og lese ei bok og alle blomane – små ting som alle lyser opp kvardagen. Måndagen er snart over, og eg tar vare på desse små stundene.

15. mai 2022

Utekafé, krimdronning og blomar i fleng


Heisann, hoppsann. Om ikkje så mange timar er det ut av senga og av garde til jobb; eg byrjar nemleg på morgonskiftet i morgon. Kjenner eg har vore litt sliten etter kveldsskiftet, og det har vore godt å ikkje ha altfor mange planar. Men bøker og strikking blir det alltid litt av, og eg var ute ein tur for å få unna nokre ærend på torsdag. I går hadde me ein effektiv handletur før me køyrde ut til Hundvåg for å vere med på 1-årsfeiringa av kafédrifta og planteutsalet på Heddas gård. I dag var me ein snartur oppom Ullandhaugtårnet. Kjøpte ein vaffel i kaféen og sat ute på ein benk i nokre minutt og berre naut sola og utsikta. Han der fine sa at det kjentest ut som om det var sommar, og eg kunne ikkje vore meir einig! Følgde med på ESC-finalen i går, så mange rare songar, sceneshow og kostymar, eit sirkus! No må eg avslutte, senga ventar. Sjekk ut alt det fine frå denne maiveka:
 
gleder meg kvar månad til å lese ei av Christies bøker, og denne gongen blei det Den åpne graven
korpsmusikk utanfor blokka då eit av skulekorpsa øvde til 17. mai
strikke medan eg las om Shetland (siste del av reisereportasjen eg tidlegare har nemnt)
og apropos Shetland: såg ferdig den nyaste sesongen av krimserien Shetland denne veka
tilbakeblikk på ei hyttepåske inne hos Et katteliv – her var det mykje hygge og koseleg stemning
fem flotte porselenskupp i ein nydeleg mosegrøn farge
strikke endå meir og ete heimelaga is medan me såg den andre ESC-semifinalen
rørt til tårer av gardens versjon av "Bruremarsj fra Lødingen" (minne om vår eigen bryllaupsdag)
laurdagsmorgon med dagens andre kaffikopp, ein liten sjokoladebit og ei bra bok
tihi, småhumrar litt av desse Friends-tabbane
Maisie gjer magiske bøker endå meir magiske ved å teikne på sidekantane av bøkene
høyre på ein av songane frå In the Heights medan me vaska ute i svømmehallen
tulipanar i den botaniske hagen
små, høge "god morgon"-mjau frå den søtaste, lille katten 
rosa blomar på trea overalt kor eg går
laurdagstaco og gjensyn med den herlege musikalkomedien On the Town frå 1949 
stikke innom Heddas gård for ein prat med fine folk, kaffi og ei stykke knallgod suksesskake
indigofarga, stilig bil og blomar i omtrent same farge
kjekt å lese ein akkurat passe søt romantisk komedie, nemleg Lease on Love av Falon Ballard
nyte ein vaffel oppe ved Ullandhaugtårnet medan sola varma andleta våre

13. mai 2022

🌸🌳🌸





Daff fredag med gråvêr og lite energi. Eg har no vaska badet og fått tid til å strikke og lese, så det er ikkje altfor ille. Men det skjer eit eller anna med energien når ein har jobba åtte dagar i strekk og det i tillegg er mørkt og trist ute. Fram med bilete av blomande tre, for dei lyser opp kva dag som helst! Når eg syklar til jobb, er det ein plass der det står fleire slike tre på rekkje og rad. Fleire gongar har eg stoppa for å nyte synet eit minutt eller to. Passar på å ikkje komme for seint til jobben, men eg får energi av å ta meg tid til å berre sjå på dei vakre blomane, dei klare fargane. Å finne glede i det eg finn langs vegen eg syklar, det store i det små. "That is one good thing about this world...there are always sure to be more springs." (Anne of Avonlea, L. M. Montgomery). Og det er så sant
 



"Og det er kirsebærtreet
innafor hageleet
som blømar i tidleg vår.
Mot gråe kytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år."
(Olav H. Hauge)

11. mai 2022

Fem mosegrøne porselenskupp




Framleis litt rart å stå opp halv seks om morgonen dagen etter å ha hatt kveldsvakt. Men det er siste dagen før turnusfri og det er lagt opp på denne måten slik at me kan gå av skiftet på dagtid og dimed ha meir igjen av dagen. Vel, det var eigentleg ikkje det eg skulle skrive om. Tidlegare i år var eg som nemnt innom ein kjempeflott bruktbutikk der eg blant anna fann eit avlangt porselensfat i akkurat passe storleik. Frå før hadde eg eit stort fat etter mormor og ei lita skål, og alle desse tre kjem frå Stavanger flint. Stilig med lokal porselen! I hylla på badet har eg ei lita fløtemugge og ei sukkerskål i veldig lik farge og design. Desse to er laga i Colditz i GDR med CP som merke. Må seie at sjølv om desse seriane er frå kvart sitt land, passar dei veldig godt i lag sidan dei liknar såpass mykje.