Førre sundag kom me oss ut og spaserte ein tur i Sørmarka. Er så herleg å ha slike turmoglegheitar rett i nærområdet. Det blei kanskje ikkje den aller lengste turen, men av og til er det nok berre det å komme seg ut, eller kva?! Allereie no er haustens fargar i full gong med å vise seg, og sjølv om eg veit at ein ikkje skal plukke eller ete flugesopp, har den ein nydeleg farge. Knallraud med dei små kvite prikkane. Ordentleg haust. Rognebærtreet med dei raudoransje bæra likeins.
Såg forskjellige sopptypar overalt. Ingen av oss er soppekspertar, me et som regel berre litt sjampinjong på pizza og liknande, så eg kan nok ikkje påstå at me var på sopptur sjølv om det kanskje ser slik ut på bileta ;) Dei er nok kule å sjå på i brunt og raudt, mange rare fasongar. Og alt det grøne i skogen. Eg har nok skrive det fleire gongar før, men det er noko eige med skogen. Lukta, lydane, fargane. Roa. Berre la tankane vandre, gå åleine eller hand i hand med ein du er glad i.
9. sep. 2018
7. sep. 2018
Nokre spørsmål om bøker og lesevanar
Senast köpta inbundna bok: sidan eg jobbar der eg jobbar (les: bibliotek), kjøper eg få bøker. Men for eit par månadar sidan tinga eg heim hekleboka Hekle 75 fargerike sekskanter. Til bryllaupsdagen fekk eg jo boka The Landscapes of Anne of Green Gables, så det er nok desse to som er dei siste bøkene eg (eller han) har kjøpt innbundne.
Senast köpta pocketbok: hamstra Agatha Christie-bøker i pocketformat i Canada (seks kroner for ei bok!), men den aller siste boka eg kjøpte i hefta utgåve er Further Chronicles of Avonlea.
Favoritgenre: eg er nokså altlesande, om ein ser bort frå sci-fi, og eg les heller ikkje så veldig mykje fantasy. Vanskeleg å seie ein absolutt favorittsjanger, men eg vendar stadig tilbake til krim når eg ønskjer å sluke ei bok.
Favoritbokhandel: kjøper få bøker, så har ingen favoritt. Men den flottaste må vere Daunt Books i London. Likte godt den me besøkte i Charlottetown ute på P.E.I. også. Og eg var eit einaste stort smil då me besøke bokbyen i Fjærland for dryge to år sidan.
Favoritbibliotek: eg kan vel ikkje seie noko anna enn Sølvberget?! Har vore innom nokre flotte bibliotek dei siste åra, og heimebiblioteket står meg nært. Så sånn sett er nok det favorittbiblioteket, men nasjonalbiblioteket i Østerrike og biblioteket i Budapest er nok dei flottaste om ein tenkjer på kor vakre dei ser ut.
Favoritplats att läsa (i hemmet): liker å lese på senga før me skal sove, men i sofaen i stova eller i godstolen på gjesterommet funker også. Har sånn sett ikkje ein spesiell plass her som er betre enn ein annan.
Favoritplats att läsa (utanför hemmet): på ein koseleg kafé. Eg har ingen stamkafé i byen, men synest det er fint på Steam midt i sentrum. Eller i ein av stolane blant alle bokhyllene på jobb.
Fem författare du alltid köper i inbundet format: som sagt så kjøper eg få bøker når eg heile vegen finn det aller meste eg treng på jobb. Men eg har kjøpt Harry Potter-bøkene i innbunde format. Dei hobby- og interiørbøkene eg har, er også av dette formatet.
Bästa lässnackset: sjokolade, enkelt og greitt.
Bästa läsdrycken: kaffi. Alltid kaffi, helst ein kaffe latte, men som regel er det vanleg, svart kaffi.
Bästa bakgrundsljudet vid läsning: filmmusikk, det vil seie instrumental filmmusikk. Elskar musikken til The Theory of Everything og til den tredje Anne of Green Gables-filmen (den med Megan Follows i hovudrolla). Høyrer også mykje på Enya og albumet Hugar av Hugar.
När på dygnet läser du helst: alltid. Om morgonen, midt på dagen, om kvelden, på senga litt før me sovnar. Så lenge eg er i lesemodus, speler det inga rolle når på døgnet det er.
Bästa bakfylleläsningen: ha, ha, er sjeldan eg er bakfull, så dette kan eg nok ikkje gi eit godt svar på. Kanskje ei litt lettlesen YA-bok eller krimbok?!
Bästa kollektivtrafikläsningen: trur ikkje eg har ein spesiell type bok eller sjanger eg les når eg tar bussen eller tog, for eg les som regel i den boka eg held på med i den augneblinken. Ofte les eg to-tre bøker om gongen slik at eg kan bytte på alt etter humøret, og når eg då skal reise kollektivt, vel eg den boka eg kjenner at eg har lyst til å lese der og då.
Lista fann eg nyleg på bloggen til Ida, men eg veit at den har vore rundt omkring på forskjellige bloggar i mange år allereie, noko som gjer det vanskeleg å vite nøyaktig kvar lista kjem frå. Men om du veit det, gi meg eit lite pip. Og sleng deg gjerne på ved å fylle ut lista sjølv på din eigen blogg :)

Merkelapp
bøker,
kjekke lister
5. sep. 2018
Nostalgi
Har du nokon gong kjent på kjensla av å stoppe tida, dra tilbake nokre år, den der kjensla av nostalgi? Eg får den kjensla innimellom, og kanskje særskilt no når det nærmar seg ti år. Ti år sidan han og eg blei saman. Nostalgi når eg tenkjer tilbake på den desemberkvelden me blei saman, den fyrste sommaren vår saman, då eg tok buss frå Kristiansund til Sjøholt for å besøke han der han vaks opp. Nostalgi når eg tenkjer på den nyttårskvelden me gjekk heim frå ei veninne då han plutseleg stoppa og sa han hadde noko viktig å seie, den kvelden han spurde om eg ville bli kona hans. Alle dei turane me har reist på og opplevd i lag, vener me har fått som par, kvardagen me har skapt saman, fyrst i Kristiansand og no her i Stavanger. Tida går fort, den fyk av garde. Veit ikkje heilt om eg liker det, i alle fall ikkje alltid. Men kjensla av nostalgi er no fin på ein måte også. Den gjer at eg stoppar opp og tenkjer på "gamle dagar" og alt det fine me har opplevd og skapt i lag. Eg er takksam for det. For å ha ein eg kan dele både gode og dårlege dagar med. For å ha ein å le med, som får meg til å le. Som elskar meg for den eg er. Snart ti år i lag med den finaste eg veit. Tenk.
Merkelapp
kjærleik,
tankar og skribleri
4. sep. 2018
Bratt togtur opp ein grøn dal
Flåmsbana. Ei av dei brattaste togreisene i verda. Trur ikkje eg skal skrive for mykje i dette innlegget, men heller la bileta tale. Men littegrann må eg jo fortelje om denne togturen. Me stod opp og åt tidleg frukost den sundagen slik at me kunne ta toget som gjekk halv ni. Den tok tjue år å bygge og opna i 1940. Bana er ei sidebane av Bergensbana, mellom Myrdal og Flåm. Det er ein høgdeforskjell på heile 865 meter mellom det høgste punktet og det lågaste punktet, altså mellom Myrdal og Flåm. Som eg skreiv i går, var me superheldige med vêret. Sol og knallblå himmel, alt det grøne i naturen skein litt ekstra og det same med fargane på hyttene rundt omkring.
Synest alltid det er like fascinerande å sitje i setet og titte ut av togvindauget. Mesteparten av reise har ei stigning på heile fem prosent, og i løpet av turen, som er dryge to mil, er det heile tjue tunnelar. Når ein tittar ut, kan ein oppdage Rallarvegen sno seg opp (eller kanskje ned) langs fjellsida. Tenk å sykle på den vegen ein gong. Bana har berre eit spor, bortsett frå på Berekvam. Om sommaren er det her toga møtest i og med at dei då går samstundes frå Flåm og frå Myrdal.
Seta er som tatt ut frå ein Wes Anderson-film. Knalloransje mot ein mørkbrun vegg, eller mørkraud alt etter auget som ser. Og så den skogsgrøne fargen på golvet. Ingen tvil om at det var stor stas å starte siste feriedagen med ein togtur som denne. Turist i vårt eige land er ei finfin greie.

reise
3. sep. 2018
Dame i raudt ved Kjosfossen
Kanskje byrjar de å bli lei av bilete frå bilturen vår og frå den norske naturen, men det gjer ikkje eg. Så her kjem Kjosfossen som ligg i Flåmselvi i Aurland kommune. Me såg den på turen med Flåmsbana. Toget stoppar ved fossen slik at me kan gå ut på ei platå og stirre på vatnet som renn ned langs fjellsida. Me var heldige med vêret og det var litt av eit skue med sola som etter kvart byrja å komme over toppen, som så vidt skein gjennom vatnet og ned på alt det grøne.
Lyset. Rein magi. Noko anna som også var magisk, eller i alle fall mytisk, var synet av Huldra. Ein kvinneleg skikkelse, kledd i raudt, dansa rett ved fossen medan me plutseleg høyrde musikk frå det fjerne. Okei, eg trur ikkje på tusser og troll og veit at dette er for turistane, men eg må innrømme at sjølv om det var harry, var det også kult og effektfullt. Lyset frå sola gjennom fossen, musikken, omgjevnadane, stemninga. Eit flott stopp på ein kjempefin togtur, meir om den kjem i morgon.

2. sep. 2018
Super leseplass og haustens fyrste dagar
Hausten er så vidt i gong, for i dag skriv me 2. september. Me har allereie ein del planar for dei neste månadane, blant anna tur til York, spele konsert med orkesteret, tur til Oslo for å sjå Phantom of the Opera, litteraturfestivalen Kapittel og så håper eg på nokre fine haustdagar der me kan gå ute i skog og mark og på spelekveldar med vener. Denne veka her har for det meste gått med til å jobbe, men det har vore kjekke dagar. Synest også me begge har vore gode på å ta fram ei god bok om kveldane, berre lese og senke skuldrene. No er det på tide å oppsummere veke 35:
✦ synest framleis at denne leseplassen på jobb er ein av dei finaste i byen
✦ liten video med filminnspelingsstadar i England som ein faktisk kan besøke
✦ finaste Mosvatnet, for eg er no ganske glad i jobbvegen min
✦ gjekk til jobb i regnet på onsdag og laga nokre grimasar – det finst jo ikkje dårlig vêr... ;)
✦ Jonna har laga ein videosnutt om hennar reise til å leve det livet ho no gjer – sjå den
✦ veit det er giftige, men raud flugesopp er no likevel fin å sjå på (haustfargar de luxe)
✦ liten sundagstur i Sørmarka i sol og haustluft
✦ altså, ei søtare geit skal du leite lenge etter
✦ krimseriane Bortgøymd og Greyzone på NRK, den fyrste walisisk, den andre svensk-dansk
✦ vakre keramikkvasar i denne nettbutikken
✦ kundar som skryt av servicen trass i ein del utfordringar med nytt system
✦ lese YA-boka Audrey ut av mørket, bra og humoristisk skrive om angst og depresjon
✦ Sveits står høgt oppe på lista over plassar eg vil besøke, denne via Rania sin blogg
✦ spele "Anthem" med orkesteret

✦ og gleder meg til konsert saman med orkesteret og Didrik Solli-Tangen sundag 30.september
✦ te i ein finfin kopp og Anne with an E på Netflix
✦ kaffi i ein Mummi-kopp
✦ hekling både om morgonen og om kvelden
Merkelapp
sundagsliste
1. sep. 2018
Postkort frå Flåm
Laurdag. På dagen tre veker sidan me køyrde frå Sjøholt til Flåm. Då me kom fram sånn utpå ettermiddagen, eller kvelden om ein vil, var det framleis eit lite glimt av sol. Me stod heilt ute ved fjorden og såg sola skine på den grøne fjellveggen på andre sida. Eit postkort frå Flåm. Traska eit lite stykke over brua og også bort til togstasjonen. For neste dag hadde me billettar til Flåmsbana.
Hotellet me budde på heiter Flåmsbrygga. Fine rom i jordfargar (litt hyttekjensle), og eg må få seie at eg diggar arkitekturen; dei små, spisse hustaka i brunt mot det litt mer runde fjellet dekka med grøne tre. Så lite hotellet blir om ein ser det mot fjellet. Kontrastar inst i Aurlandsfjorden.
I Flåm ligg også mikrobryggeriet Ægir, og sjølv om eg ikkje liker øl, gjer han det og me tok ein svipptur innom puben i løpet av kvelden. Artig stad med stor peis midt i lokalet og dekorert med skifer og tre. Åt ein god middag i restauranten, og ein liten bit med dessert blei det heilt til slutt. Prøvde å leggje oss halvtidleg sidan me skulle ut på togtur klokka halv ni dagen etterpå.

hygge,
mat og drikke,
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)