28. juli 2026

Folio Society



Ikkje så lenge sidan eg fekk denne spennande pakken i posten. Eg visste jo kva det var sidan det var eg sjølv som hadde bestilt det, men berre sjekk ut den innpakkinga – bøkene var pakka inn med ordentleg omtanke. Søtt klistremerke og to fine bokmerke følgde med. Bøkene fann eg hos nettbokhandelen Sancho's Rare Books, og dei har så mange fine og kjekke bøker. 
 


Tre superfine bøker, alle frå Folio Society. Forlaget gir ut praktutgåver av kjente og kjære klassikarar, og eg har eit par bøker frå før, mellom anna Anne of Green Gables som eg fann i ein bruktbokhandel i Hay-on-Wye. Eg skal innrømme at fleire av bøkene frå Folio Society kostar ganske mykje nettopp fordi dei er praktutgåver, og eg kan jo ikkje kjøpe haugevis av desse utgåvene. Men av og til går det an. I postkassa låg bøkene I Capture the Castle av Dodie Smith, The Railway Children av Edith Nesbit og ikkje minst Anne of Avonlea av L. M. Montgomery. Sistnemnde har eg leita etter i fire år, for heilt sidan eg fann den fyrste boka i Wales i 2022, har eg ønskt meg bok nummer to, både fordi heile Anne-serien betyr ein del for meg, men også fordi både den fyrste og den andre er heilt nydelege å sjå på (tihi, kanskje like greitt at det "berre" er desse to og ikkje alle åtte som er gitt ut frå dette forlaget). Og endeleg fann eg den! Joda, den kosta ein del også hos Sancho's, men det var til ein betre pris enn dei få superdyre eg har sett hos andre nettbutikkar, og så fann eg jo som nemnt to andre slik at fraktprisen for tre bøker var overkommeleg. Vakkert syn i bokhylla!

Legg igjen ein fin tanke