7. des. 2015

Nede i (orkester)grava

Starten på veka har gått med til å transkribere intervju, drikke ein god del kaffi, transkribere meir, vaske klede, få på plass ei skapdør og måle med den herlegaste grønfargen på soveromsveggen. Ein grei start på veka med andre ord :) Kom på at eg tok eit par bilete nede i grava då me spelte "Nøtteknekkeren" førre veke. Dei er tatt med mobilkamera, så særskilt gode er dei ikkje. Alltid like trangt og mørkt (me har no i alle fall leselys), men det er jo likevel ein sjarm ved det heile ;)

2 kommentarer:

Ida sa...

Synes det er så morsomt og fint at du spiller trombone! Gjorde jo det selv engang i tiden, og merker jeg savner det litt. Må være kjempemorsomt å være med på å spille i et større orkester. Selv spilte jeg bare i korps pluss en kvartett i en periode.

Silje sa...

Spelte jo i korps fram til eg var nitten, og så frå eg var tjueein og fram til i fjor med eit brassband i Kristiansand. Med det så må eg vel berre innrømme at det er korpsmiljøet som ligg hjartet nærmast :) Men det er jo også veldig kjekt å spele med eit større orkester, altså. Ja takk, begge delar! :D