Tåke og litt grått her i byen i dag, ein stor kontrast til den same datoen for elleve år sidan. For då skein sola som aldri før, og me smilte om kapp med den. I år feirar me stålbryllaup, tenk det. Tenk at du framleis held ut med meg som elskar musikalar, hatar koriander og som lett tar til tårene både når eg er glad, når noko er rørande eller når dagen er vond og grå. Du får fram smilet mitt med den rare humoren din, og din armkrok er min heim. Å ha handa mi i di, kjenne varmen din, kjenne at eg er elska; eg er heldig og takksam som får dele livet med deg. Kvar
dag du och jag. Eg elskar deg ♥

Legg igjen ein fin tanke