Eller, det kjem jo an på korleis ein reknar, for tar ein med sjølve bryllaupsfesten, er det i år den ellevte gongen på rad at me et middag på Kronen Gaard på denne tida av året. Men du skjønner kva eg meiner: det er vår tiande bryllauspdagsfeiring. På sundag drog me ut i lag med mamma, pappa og broremann, og sjølv om me måtte vente litt – det var ein god del gjestar der samstundes med oss – var maten veldig god. Eg hadde squashsuppe til forrett, kveite til middag og som vanleg den alltid ypperlege sjokoladefondanten til dessert. I glasa hadde me eple- og rabarbrajuice frå Randaberg.
Historisk sus i veggane, med alle dei gamle tinga, tapetet og blondegardinene, eg tar meg alltid litt ekstra tid i den atmosfæren før køyrer heim. Og så klart blei det eit par bilete under bjørka, ingen tur utan. Knipsa både seriøse bilete og eit par "løgne" bilete som me seier her i Stavanger. Førre gong eg brukte denne limegrøne kjolen, sykla eg og fekk den inn i sykkelkjeda. Det gjekk jo som det måtte: den fekk ei rivne og fyrst no nyleg, etter nærmare to år, har eg fiksa den såpass at eg føler eg kan bruke den. Synest kombinasjonen med mine kongeblå sko, som eg kjøpte til nettopp bryllaupet, er ganske så kul. Og trass ein del vind, passa det bra å ha på meg ein slik lett og fin sommarkjole.


Legg igjen ein fin tanke