Eventyrleg overnatting! Også i år fann me ut at me ville ta ein liten tur til Randøy i Hjelmeland for å overnatte i hobbithytta. Me forelska oss i den i fjor, og det var eit kjært gjensyn då me kom dit sundag ettermiddag. Utruleg stilig plass med både dome, tønnehytte, tipi med meir!
Treng ikkje alltid å gjere så mykje for å kose oss på tur, og det einaste me sånn sett gjorde av aktivitetar var å spele boule og lese. Tihi, eg hadde med meg tre bøker slik for å ha litt å velje mellom – det er aldri godt å vite kva humør ein er i når ein fyrst skal setje seg til rette med ei bok i fanget, slik er det å vere ein bokelskar ;) Koseleg kveldsstemning inne og ute, lyse kveldar om våren.
Etter ein enkel frukost måndagsmorgon, tok me kaffien på senga. Fann verkeleg roa der me satt og naut kaffien, las side etter side i kvar vår bok og berre høyrde på stilla. Elskar alle detaljane frå Ringenes herre-universet, til dømes skiltet som heng på gjerdet rett ved hytta (det var der ikkje i fjor). Å kunne unne oss ei lita glampingoppleving i ny og ne...me kjem gjerne tilbake!


Legg igjen ein fin tanke