10. juli 2025

Ordentleg hobbithole









Målet for vår lille utflukt i helga, var denne hobbithola på Randøy i Hjelmeland. For ja, ein kan vere hobbitar for ei natt hos NorGlamp, og opphaldet skuffa ikkje! Tidlegare har me budd i ei liknande hytte i Sjodalen, men denne på Randøy er litt mindre i storleik og meir utført som eit hobbithus. Nøkkelen hang på ein tynn kjetting i lag med sjølvaste ringen (!), jakka kunne hengje på ei Ringenes herre-knaggrekkje og så klart låg den store boka inne i hytta i lag med eit kart over Midgard. Den store, grøne døra er ikkje inngangspartiet, men derimot ei dør ved sengeenden som gjer at når døra er ope, kan ein sjå ut av eit stort vindauge og rett ut i hagen. Hytta er utstyrt med eit lite kjøleskap, vasskokar, bestikk og servise, eit bord som ein falde opp når ein skal ete og ei dobbeltseng.
 




Rett innanfor inngangen, var det endå ein Ringenes herre-detalj: ei dørmatte med eit kjent sitat frå bøkene. Om natta hadde me igjen den store, grøne døra slik at det skulle bli mest mogleg mørkt, men eg måtte no knipse eit bilete av den igjen på dagtid; heile det partiet med den runde døra, den gule fargen rundt og alle blomane,  gav oss ei ordentleg kjensle av Hobsyssel (The Shire på engelsk). Toalett og dusj ligg i eit eige anneks, og alle dei små lyktene som blir lada av små solcellepanel, lyste stemningsfullt opp då me traska bort for å pusse tennene. Ute var det stille, ein sundagskveld i juli.

Legg igjen ein fin tanke