Sukk, våren har gått litt for fort. Ikkje at sommaren er stygg, men våren er liksom litt ekstra fin. Årstida der alt vaknar til liv etter lange månadar full av grå fargar. Skulle gjerne hatt mai ei veke til, men slik er det ikkje, og i morgon er det juni. Gjorde godt å starte veka i ei lita hytte på Randøy, trong det lille pusterommet. Dagane på jobb fyk av garde og det er franleis nokså travelt med mykje trøkk på kundeservice i tillegg til å hjelpe til litt i butikken og på lageret. Kjekt å avslutte jobbveka med ein sommarfest i lag med kollegaane mine. I går feira me elleve år som ektepar med ein akkurat passe laurdag der me gjekk tur, handla litt, las saman og sidan slappa av med film og middag. Husarbeid her i dag i tillegg til eit lite kaffibesøk på Sola. Og her kjem resten:
✦ Michael Murporgos vårbok var ei nydeleg leseoppleving og passar perfekt på årets siste vårdag
✦ blikkstille vatn mellom Stavanger og Randøy
✦ knallgul vårkål
✦ bok, dyne og morgonkaffi i hobbithytta, klagar ikkje på å starte veka akkurat slik
✦ stikke innom Hjelmelands minste gardsutsal
✦ kaffi, kanelsnurrar, prat og litt quiz på Sola i dag
✦ lese Kranes konditori av Cora Sandel som månadens bok i mi eiga leseutfordring
✦ og me har framleis meir igjen av sitronkremen som eg laga til 17. mai – den er knallgod!
✦ sjå eit rådyr rett ved jobben
✦ vårlege plakatar på Thon Senter Vågen
✦ rosa ballongar då me hadde sommarfest med jobben fredagskveld
✦ dagpåfugløye
✦ Morgenlevering, for litt frukostluksus kan ein ha når ein har bryllaupsdag
✦ spasertur ved Fluberget i tåke
✦ fortsetje å sjå Poirot på NRK Nett-TV
✦ ferieplanlegging
✦ lesestund på bussen og lesestund i hagen
✦ laurdagstaco og filmen Matilda frå 1996
✦ alltid kjekt å lese Tove Janssons bøker, denne gongen novellesamlinga Rent spill


Legg igjen ein fin tanke