25. mai 2026

Yrande liv ved Hålandsvatnet






Lenge sidan sist me gjekk tur rundt Hålandsvatnet; difor gjorde det ekstra godt å komme oss ut på ein liten runde på laurdag. Synest sjølv me gjekk i eit akkurat passe tempo, verken for fort eller for sakte. Overalt såg me blomar, og noko av det aller finaste var klokkeblåstjernene som stakk opp av jorda i både lilla og rosa. Og dei knallgule villtulipanane. Å gå i vårlufta i lag med to fine personar.
 





Andungar, lam og sauar og ei majestetisk gås. Kyrne låg og slappa av i graset, og plutseleg kom det ein heil gåseflokk gåande frå eit jorde og ned til vatnet. Både små og store vandra dei saman. Fuglesong høyrde me gjennom heile turen, dei fleste såg me ikkje, men me fekk faktisk auge på ein raudstrupe, den fuglen som gjer meg varm om hjartet. Naturens liv og røre rundt eit bynært vatn.

Legg igjen ein fin tanke