3. mai 2026

Langhelg i høgsesongen






Langhelg midt i ei travel veke, eg klagar ikkje. Okei, eg veit at når eg kjem på jobb i morgon er det nok mange meldingar til oss på kundeservice, og det kjem til å gå i eitt på lageret, men eit lite pusterom no i helga har det i alle fall blitt. Kjekke kollegaar og god stemning gjer at det er ein bra plass å vere trass travle dagar. På tysdag var det ei lita orkesterøving før årsmøte. To dagar etterpå gav me frå oss nøklane til leilegheita, eit kapittel er over. Nesten litt rart, for eg klarer ikkje eigentleg å kjenne noko særskilt nostalgi sjølv om me budde der nokså lenge; eg trur me begge var klare til å flytte frå ei blokk til eit hus. Sidan kom helga med både avslapping og hage- og husarbeid: 
 
✦ gjensyn med finaste Jenta som ville redde bøkene sidan det nyleg var verdas bokdag 
✦ kvardagsmagi over Hafrsfjord då me køyrde heim frå orkesterøvinga 
✦ perleblom i den botaniske hagen 
✦ laurdagstaco og kjekk miniserie 
✦ kan ikkje anna enn å smile av desse nusselege geitekillingane, både med og utan pyjamas 
✦ gjer alltid godt å flyte ein time i ein flytetank
✦ gå tur med ei veninne etter jobben på måndag
 og me gjekk eit lite stykke av turen langs jernaldergarden, akkurat der lamma og sauane er
✦ Sanne Kvitnes si fantastiske stemme - eg må få med meg Les Misérables på Folketeateret 
✦ å kunne lese ute i hagen, sukk! 
✦ kortromanen Det perfekte av Vincenzo Latronico var både fin, sår, melankolsk og kvardagsleg
 nyte morgonhimmelen medan eg venta på bussen
 prate med kollegaane mine i lunsjpausen 
✦ bøker som betyr mykje, Miranda viser ti av sine favorittar frå bokhylla 
✦ i gong med eit nytt orkesterprosjekt 
✦ me planla det ikkje, men artig lell å få med oss vårsleppet langs Jæren
 langhelg med litt av det eine og litt av det andre 
✦ feire overtaking av leilegheita med ein kanelbolle på deling og så klart litt lesing ;) 
 Leseklubben er i gong med å samlese ei ny bok
✦ det varme kveldslyset og skuggane det lagar i heimen 
✦ is, kaffi og lesing ute i sola på årets fyrste maidag 
✦ Omar El Akkad har skrive ei tøff og viktig bok om vestens syn på krig 
✦ så smått byrje å planleggje årets sommareferie

Legg igjen ein fin tanke