24. mai 2026

Storslått symfoni 🎻🎶📯






Nestsiste veka i mai er på hell, og eg lurer på kor i alle dagar våren blei av?! Synest desse månadane har gått litt for fort, særskilt sidan det også har vore mykje sur vind og få moglegheiter til å sitje ute og lese. Får håpe det kjem nokre slike dagar no framover. Jobben er travel, men på ein kjekk måte i lag med fine folk. På torsdag var me i konserthuset for å høyre Stavanger symfoniorkester spele ein siste konsert med Andris Poga som sjefdirigent. Mahlers tredje symfoni er eit svært verk med ekstra musikarar, kor, sangsolist, trombonesoloar på scena og posthornmelodi som blir spelt bak scena. Stor stas å få med oss denne storslåtte symfonien og så klart kom det eit par tårer då det nærma seg slutten. Klagar ikkje på langhelg med lesing, tur, bra film og prat i godt selskap:
 
✦ når strømpebuksa matchar kjolen 
✦ laurdagspizza medan me byrja å sjå den fyrste Ringenes herre-filmen 
✦ trudde Liste over mistenkelige ting skulle vere litt meir kosekrim, men ei grei bok lell
✦ finne ein søt penn på bakken (og me har faktisk akkurat den same her heime)
✦ kjenner meg veldig igjen i denne lesande dama på eit tog, måla av Edward Hopper i 1938 
✦ den passa meg ikkje heilt, men digga fargen på ein linshorts som eg såg på senteret
✦ agurkplanten som har byrja å få blomar 
✦ tihi, blir like glad kvar gong eg høyrer "One Night in Bangkok" frå Chess på radioen 
✦ Sweet Bean Paste av Durian Sukegawa var ei bok som var meir rørande enn eg hadde trudd
✦ liten trio av hoppande små geitekillingar
✦ bikke under ti meldingar på kundeservice då eg gjekk heim på fredag 
✦ godt å gå ein lengre tur i går med mannen min og broremann 
✦ rosa blomar på trea, eit vanleg – men likevel utruleg vakkert syn – i mai
✦ må få med meg Les Misérables på Folketeateret i haust, høyr berre "Før ham hjem" 
✦ all den flotte fuglesongen om dagane
✦ skjønne lam og sauar ved Hålandsvatnet 
✦ busslesing kva dag som helst 
✦ innmari artig å fortsetje å høyre Kafka på stranden på lydbok i lag med Leseklubben på NRK
✦ to blidfisar i finkleda klare til å høyre Stavanger symfoniorkester
✦ og det var rett og slett utruleg kjekt å høyre dei spele Mahlers tredje symfoni 
✦ konserten fekk terningkast seks i Aftenbladet! 
✦ tulipanane i nabolaget 
✦ irsk vestkyst på 1970-talet, Gutten fra havet er ein oppvekstroman med eit kollektivt "vi"

Legg igjen ein fin tanke