17. mai 2026

Vekesoppsummeringsforsøk midt i høgsesongen







Fyrst og fremst: hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen, alle saman! Her i heimen har me hatt ei veldig lågterskelfeiring av dagen med avslapping i fleire timar før det kom nokre venar hit på kaffibesøk i nokre timar. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, og etter travle dagar trur eg dette var akkurat nok for vår del. Frå måndag til fredag hadde me besøk av svigers, og det var kjekt å sjå dei igjen sjølv om me begge to hadde vanleg arbeidsveke og ikkje ferie. På torsdag var det jo fri, så utpå ettermiddagen drog me til Sola dre me åt middag i lag med min familie. Runda av kvelden med litt quiz. Fredag var jo ein "inneklemt dag", men eg var på jobb og fekk unnagjort ein heil haug av alle meldingane på kundeservice. Litt av alt i går – med andre ord både husarbeid og avslapping – og i dag, som nemnt, ei flott feiring av 17. mai. No regnar det, men i morgon er ein ny dag:
 
 Edith Nesbits The Lark var rett og slett ei ordentleg fornøyeleg bok! 
 laurdagstaco og ein kjekk film 
 koseleg å invitere ein liten gjeng hit på quiz, kaffi og kake for å feire nasjonaldagen
 og etter å ha lese boka, var det kjekt å høyre på akkurat denne episoden av The Comfort Book Club
 likte godt å vere på Isle of Lewis, Ytre Hebridene i boka Svarthuset av Peter May
 engkarsen i hagen vår
 hente varer som me hadde kjøpt på REKO-ringen
 høyre på lydbok medan eg fekk unnagjort kontorarbeid og pakka nokre klikk og hent-ordre
 søtaste Pudding som skulle lære å drikke vatn då han var liten
 regndropar på fargesterke tulipanar i nabolaget
 plutseleg fauk det ein båt forbi meg mellom bygga på jobb
 stas at den offisielle Agatha Christie-kontoen delte bokbiletet mitt
 "Fix You" er kanskje ein overspelt song, men denne versjonen er likevel veldig vakker 
 gå tur og høyre på lydboka Kafka på stranden som eg les med Leseklubben på NRK
 så godt med heimelaga ripsfromasj etter soddmiddag på Sola
 ha på bunaden som i år er 71 år gammal!
 onsdagens pastellsolnedgang 
 akk, dei søte lamma på Ullandhaug, for nokre ulne sjarmtroll
 så mykje fint å sjå på då me stakk innom Håland hagesenter i går
 førehandstinge Mirandas nyaste bok som kjem i september 
 besøk av svigers frå måndag til fredag 
 Sverd i fjell, denne gongen i svartkvitt 
 retrokjole frå canada og den alltid gule og kule strømpebuksa
 vårboka Spring Unfurled av Angela Harding er full av dei vakraste illustrasjonane 

Legg igjen ein fin tanke