Hovudet mitt var ganske så susete då eg kom heim på fredag. Det er litt sånn "hei, kor det går" på jobb akkurat på denne tida, og eg merka det særskilt denne veka. Men sjølv om eg var veldig sliten, er det samstundes mykje som er kjekt og eg trivst generelt godt på kontoret og lageret på Gausel. På tysdag var det ei veldig kort orkesterøving, for på dette prosjektet speler me ikkje så mykje. Heldigvis er det me speler gøy. Som vanleg synest eg helga har gått litt for fort, noko eg trur eg ikkje er aleine om å synest. I går var eg på den årlege gartnerituren i lag med to finingar, og me var ute på farten i fleire timar. Dagen i dag har me brukt på å få unnagjort ein del husarbeid i tillegg til å senke tempoet litt med ei god lesestund. Klar for måndag? Neeeh, men det går det også:
✦ like moro kvar månad når eg hentar fram ei Christie-bok frå hylla :)
✦ veldig kjekt å gå på plass den kule musikknoteplakaten som me kjøpte brukt for nokre år sidan
✦ som ein grøftekantsbukett, sett i nabolaget
✦ busslesing den fyrste månaden i ny jobb
✦ liten kaffipause med knallgode kaker då me var på Wiig gartneri i går
✦ laurdagspizza, sjå ferdig The Seven Dials Mystery og sidan spele litt "Exploding Kittens"
✦ ti noveller om
stadar som har betydd noko i liva til karakterane, godt skrive av Silje H. Heier
✦ bli rørt av ei bok medan eg sat på bussen
✦ "Time" frå filmen Inception, spelt på orgelet i Nidarosdomen
✦ kveldslyset gjennom takvindauga då me hadde orkesterøving
✦ bli endå betre kjent med kollegaane mine i lunsjpausen
✦ fargerike blomar hos Horpestad plantesalg
✦ lese litt ute i hagen ein av kveldane
✦ ha med kake på jobb på måndag berre fordi me er midt i høgsesongen og treng litt motivasjon✦ ordentleg lesesundag
✦ dufta av nysteikte brød
✦ høyre på fleire kapittel av Kafka på stranden i lag med Leseklubben
✦ kule handlenett sett hos Norli då eg var innom ein tur etter jobb på torsdag
✦ altså, sjå på det minsteste lammet ved jernaldergarden – det er så innmari søtt!
✦ kvite blomar på trea, mai er ein flott månad
✦ Store panda og lille drage av James Norbury er ei bok full av fine ord og vakre illustrasjonar


Legg igjen ein fin tanke