I motsetnad til det gode solskinet her i dag, var det regn som datt ned då me var i Kiel ein sein julidag i fjor. Me hadde eit par timar i byen mellom frukost og ferjeavgang, og som førre gong me var der, traska me litt rundt i sentrum utan å ha ein plan. Me fann den kjekke butikken 's Fachl Kiel der me kjøpte ein liten suvenir til oss sjølv og nokre smågåver, og sjølv om det ikkje var lenge sidan frukost, stakk me innom ein kafé der me delte ein belgisk vaffel og drakk cappuccino.


Legg igjen ein fin tanke