Puslespelbilete på veggen, flotte klassikarar på ei hylle, kjente og kjære gjenstandar på eit skap – dei er ikkje naudsynt akkurat der dei skal vere, men det er fint å ha pakka opp ein del av tinga våre slik at det liknar ein heim. Og så sollyset inn i stova vår om dagane. Morgonlyset som lagar skuggespel på veggane, som får bøkene til å skine litt ekstra, dagslyset som gjer at eg står stille eit par sekund, berre nyt det. Lyset i vår nye heim, for sjølv om det snør akkurat no, såg det slik ut i går.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer med nytt hjem!
Tusen takk, fine deg! Mykje som står igjen, men det byrjar å likne meir og meir på ein heim :)
Legg igjen ein fin tanke