Zalo seier "hei". Seinare i dag skal han heim etter å ha vore her hos oss halvanna veke. Han er like artig kvar gong han er på besøk. Å sitje høgt oppe ein stad, er det aller beste, då er han verkeleg kongen på haugen. Han er ein kul, liten raring som veit akkurat kva han vil gjere eller kva han vil ha.
Innimellom tar han seg ein god flytur i stova, og det går fort, så akkurat det er ikkje så lett å fange med kameraet ;) Om morgonen er han i sitt ess når han kan sitje oppå buret, for då vil han ete frukost i lag med oss. Og så er han veldig god på å rydde etter seg når det ikkje er meir mat igjen (sjå videoen over). Aller helst vil han ha den maten et, til dømes blomkålsuppe og guacamole. Me passar på slik han berre får i seg det ein liten fugl kan ha, og tomat er ein vinnar. I alle fall ifølgje Zalo.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Nydelige Zalo! For en artig liten fugl :)
Tihi, ja, han er ein liten raring, og det er alltid like artig å ha han på besøk ei helg eller ei veke! :D
Legg igjen ein fin tanke