Akkurat regnar det her i byen. I går var det snø ute, dei andre dagane frost og solskin om kvarandre. Så ja, ordentleg vêrkontrastar denne veka (ha, ha, me nordmenn snakkar ofte om vêret, eg veit det). På jobb merkar eg at det byrjar å bli travlare sidan fleire og fleire er innom senteret for å handle julegåver. Det der er både og: kjekt at mange kjem innom for å handle bøker og brettspel, samstundes er det då mindre tid til å få ut varene og halde butikken fin og ryddig. Men å kunne starte begge kveldsvaktene denne veka med å gå til jobb i minusgrader og heilt herleg solskin, sukk, det var så herleg! To konsertar med orkesteret i helga, noko som vil seie at dette er ei ekte orkesterhelg. Og alltid kjekt med kjentfolk i salen som liker det me speler. Innimellom slaga har eg slappa av med bøkene mine (jepp, alltid bøker i fleirtal), og eit par av dei får du i sundagslista mi:
✦ bøker om bøker, denne gongen The Borrow a Bookshop Holiday av Kiley Dunbar
✦ morgonhimmel sett frå bussvindauget midtvegs i veka
✦ fredagsblome full av rim ✦ artikkel om julegåveforbruket, trur me alle treng ei påminning om kva det viktigaste med jula er
✦ novembersola, så varm og gyllen
✦ Zalo på hovudet mitt, tihi, han er så utruleg kul
✦ veit ikkje heilt om Utrolige skapninger fanga meg heilt, var no kjekt å ha lese den lell ✦ koselege julebøkertips i den nyaste vloggen frå Miranda
✦ lesestundene eg lagar meg om morgonane
✦ eit lite utdrag frå boka du kan sjå rett under
✦ å, Gutten, muldvarpen, reven og hesten av Charlie Mackesy er er nydeleg bok
✦ innmari stilig at Scenekvelder skal setje opp musikalen Wicked på Folketeateret til våren
✦ gjere det enkelt etter jobb på torsdag: ete middag på Jordbærpikene
✦ gøy at forlaget Gursli Berg delte mitt bilete av Osman-boka Vi løser mord
✦ ull frå topp til tå og sol i andletet på veg til jobb på fredag
✦ litt for tidleg med snø i november, men det lyste no opp gårsdagens formiddag
✦ "Top 10 Best Movie Musicals Endings" – her er både Grease og In the Heights
✦ byrje å tenkje å neste års lesemål
✦ ordentleg orkesterhelg med heile to konsertar
✦ skjønte kor historia var på veg, likte likevel å lese krimboka Dukken i tauet av Unni Lindell
✦ sundagskjensla med bok, englespel, kaffi og noko attåt
Legg igjen ein fin tanke