15. nov. 2024

Frå finvêr til gråvêr




Rart kor stor forskjell det kan vere ute frå ein dag til neste. Neida, det er ikkje snakk om sludd eller snøvêr heilt enno (heldigvis!), men veka starta så bra med sol og herleg haustluft, medan dei neste dagane har vore grå og regntunge. Traska til jobb i yrande vêr på onsdag, for du veit: det finst ikkje dårleg vêr. Fekk no i alle fall ein kjempeflott gåtur til jobb på måndag der sola laga skuggespel, haustfargane poppa opp overalt og himmelen var lyseblå. Ser av vêrmeldinga at det ikkje ser særskilt lyst ut for helga. Om ikkje anna har eg alltid ein haug av bøker som ligg og ventar på meg, tihi.

Legg igjen ein fin tanke