Og der var november i gong. Mykje vind og pistrete regn då eg sykla til jobben på fredag, og det var ikkje noko sundagsturvêr i dag. Om ikkje anna, så var i alle fall slutten av oktober veldig fin med alle haustfargane, ein solnedgang over hustaka og gåtur på veg til jobb. Alltid godt å kjenne frisk luft i andletet før fleire timar på jobb inne på senteret. Jobba forresten i går, så eg kan ikkje påstå at eg har hatt så mykje helgekjensle. Men lesing på ein sundag, altså i dag, gav i alle fall eit lite glimt av helg. Både oktober og november i sundagslista, også denne gongen med fleire kjekke ting og tang:
✦ koseleg å lese The Star That Always Stays av Anna Rose Johnson
✦ skal ikkje klage på å få tilbake sykkelen min frå ei ordentleg overhaling
✦ alltid like triveleg å møte kjentfolk når eg er på jobb, denne veka skjedde det to gongar
✦ få på plass den nye senga som me tinga for nokre veker sidan
✦ orkesterøving tysdagskveld, og no byrjar det å nærme seg julekonsert (!)
✦ må seie at det var fascinerande å lese Norske ødegårder av Øystein Morten
✦ gøy å finne eit haustblad med eit bittelite hol i, slik at eg kunne ta eit kreativt bilete gjennom holet
✦ knallfine vinterkoppar frå Sara Miller, det er kvardagsglede å sjå på det bordet på jobb
✦ heimelaga mango lassi og eit lite puslespel inne i dag medan det var gråvêr ute
✦ å, det er veldig koseleg å lese Mummibøkene, denne gongen Farlig midtsommer
✦ lese medan eg venta på bussen torsdagsmorgon
✦ Mosvatnet denne veka, ordentleg haustkjensle
✦ gå til jobb den nest siste oktoberdagen
✦ lese Annie John av Lucy Kincaid
✦ bra oversikt over butikkar ein berre finn i Stavanger
✦ å lage taco og slappe av med ein bra film etter laurdagsvakt på jobb
✦ konfetti av alt haustlauvet
✦ artig med eit spørsmål om New Brunswick i Canada i quizboka vår
✦ flott solnedgang over naboblokka ein av dei siste oktoberdagane
Legg igjen ein fin tanke