25. juli i år, ein torsdag for litt meir enn fire månadar sidan. Det var vår siste heile dag i England, og når ein fyrst er i London, må ein jo nytte sjansen til å sjå ein musikal. Eller tre som det blei i år, tihi. Etter å ha vore innom Daunt Books, tok me undergrounden mot Tower Bridge og Bridge Theatre. Me skulle på matinéforestilling, dimed blei det middag etter forestillinga, men ein liten matbit i parken ved teateret rakk me. Og der såg me også eit søtt, lite ekorn. Musikalen me skulle sjå, var den klassiske Guys and Dolls med tekst og musikk av Frank Loesser og bok av Jo Swerling og Abe Burrows. Musikalen hadde premiere på Broadway i 1950 og er basert på to noveller av frå 1930-talet av Damon Runyon. Den vann Tony for beste musikal, og i 1953 hadde den premiere på West End
Bridge Theatre er eit relativt nytt teater – det opna i 2017 – og er bygd på ein unik måte: det er sitjeplassar på alle kantar slik at scena er i midten, og nokre av billettane er ståbillettar slik at ein står rett ved scena. På denne måten blir ein som publikum innimellom ein del av forestillinga (me hadde sitjeplassar vel å merke). Scena er i tillegg delt inn i små sonar som kan hevast og senkast, noko som gav ei kul og annleis oppleving av denne klassikaren av ein musikal. I filmen frå 1955, kan ein sjå mellom anna Frank Sinatra og Marlon Brandon i to av dei berande rollene, og det er gambling, gangsterar og kjærleik på høgt nivå. Songen "Sit Down, You're Rockin' the Boat" er frå denne musikalen, og den er så herleg artig. I pausen var det ekte pauseunderhalding, og det er vel ingen tvil om at me storkoste oss! Etter musikalen åt me middag på ein italiensk restaurant før me til slutt kom oss til hotellet. Me hadde tinga eit ganske enkelt hotell utan frukost, for dagen etter skulle me tidleg opp (og då meiner eg tidleg). Det viktigaste for oss var dimed at det låg nær togstasjonen St. Pancras. Så som du skjønner, blei det ein tidleg kveld på oss, den siste i London.
Legg igjen ein fin tanke