Frostroser på vindauga her i byen i dag, noko heilt anna enn då me var i Cambridge i slutten av juli. Etter to heile dagar i byen, var det på tide å så vidt byrje å vende snuten heimover. Eg seier så vidt, for fyrst bar det til London for nok ein musikal. Togturen mellom Cambridge og London er kort, så me tok oss god tid til å ete frukost, pakke tinga våre og gå til togstasjonen. Fekk med meg mannen min på ein selfie foran stasjonen, er ikkje alltid at det skjer ;) Vel framme i London, la me frå oss bagasjen på hotellet me hadde tinga rett ved St. Pancras. Tok undergrunnen i retning Marylebone, og før me kom fram til eit av dagens mål, var me ein liten svipptur innom Regent's Park. Ikkje like lett å ta bilete der, for sollyset den dagen var sterkt. Men selfien blei no artig om ikkje anna (og det er ikkje kvar dag at han der fine går med på at eg tar to slike bilete på ein dag, tihi).
Målet for dagens matinéforestilling, var Daunt Books i Marylebone. Sist gong me var der (det byrjar å bli nokre år sidan), var det januar og kald vinter, og dimed også færre folk i butikken enn midt på sommaren. Litt enklare å ta bilete når det er få folk i butikken, så viss du er interessert, kan du ta ein titt på dette innlegget. Uansett, det var stor stas å besøke denne bokhandelen igjen, for den er berre nydeleg med sine møkrebrune bokhyller, bogne vindauge, flott farge på veggane og den generelle koselege atmosfæren. Å, kunne ikkje alle bokbutikkane vore slik?! Mannen min fann ei bok om bokhandlane i London, og det blei den perfekte boka til å ha med oss heim som ein liten suvenir.
Legg igjen ein fin tanke