Lyset på haustlauvet på bakken, rimrosene overalt. Mosvatnet låg der blikkstille med ein blå himmel i sikte. Skuggespel av solstrålane. Eg gjekk til kveldsvakta i går med ull frå topp til tå, det var minusgrader og nesten litt vinterstemning trass at det framleis er november og haust.
Trudde eg hadde god tid då eg byrja å gå, men eg berre måtte stoppe opp både ein, to og fem gongar for å ta opp kameraet, måtte prøve å fange rimet som glitra overalt. På alle blada på bakken, på visne blomar, på alle buskar og tre. Og det varme, gylne novemberlyset. Å, takk for ein slik spasertur.
Legg igjen ein fin tanke