Kom heim halv seks i kveld etter å ha vore vekke sidan rett etter frukosttid i går. Me var nemleg på ein kjærastetur til Egersund, og i same slengen var me også innom Sokndal og Hauge i Dalane. Så gøy å utforske nye plassar, slappe av på eit hotellrom med kvar vår bok, ete god mat på ein bra restaurant, eigentleg ein miniferie. På ein måte var det miniferie også midt i veka sidan eg hadde tysdagen fri og onsdag var 1. mai. Har lese mykje og vore på sykkeltur i finvêret medan dagane på jobb har gått med til å gjere alt klart til maisalet. Som du sikkert skjønner, gjekk helga veldig fort, akkurat slik det pleier å gjere når ein er på tur og har det gøy. Eg knipsa mange bilete (inga overrasking), så eg tenkjer eg kjem til å leggje dei ut litt etter litt her på bloggen – håper de er klare for det ;) Snart er dagen over, i morgon er det måndag og eg har ei liste med kjekke ting:
✦ som eg koser meg med å lese Anne-bøkene igjen, og Anne of Avonlea var ei kjekk gjenlesing
✦ Egersund med alle sine koselege trehus, til dømes dette gule (for gult er alltid kult!)
✦ engkarse på veg til butikken
✦ "Top 10 Inspirational Movies from the Golden Age of Cinema" – fordi It's A Wonderful Life
✦ solstrålen rett før eg parkerte sykkelen måndagskveld
✦ ny krimbok frå Merete Junker: Redebyggeren
✦ teste delar av sykkelstamvegen som me ikkje hadde prøvd før i lag med han der fine
✦ så søte og herlege lundefuglar av Sarah Rhys
✦ kjærastetur no i helga
✦ køyre kystvegen til Egersund, ei meir scenisk rute
✦ lese finaste Anne of Green Gables (og berre sjå på det vakre omslaget på denne utgåva!)
✦ koseleg å høyre The Comfort Book Club-episoden om nettopp Anne of Green Gables
✦ og her kan du høyre mitt lille bidrag til episoden
✦ verkeleg setje av tid til å lese, både før jobb, etter jobb og då eg hadde fri
✦ kaffipause på Mocca midt i Egersund
✦ lamma på jernaldergarden, dei er like søte kvart år
✦ Helleren ved Jøssingfjorden, gamle og fascinerande hus
✦ når ein fyrst er innom Egersund, er fayancemuseet eit must
✦ å måtte stoppe på veg til jobb fordi ein berre må nyte synet av blomane på trea
✦ utelesing i graset ein fridag
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Tøft å snakke på utenforlandsk :-)
Tihi, takk :-)
Legg igjen ein fin tanke