30. mai 2024
For alltid den nestsiste vårdagen ♥
29. mai 2024
I ein liten andedam
Andedammen ved Mosvatnet. Sothøneungane er søte og samstundes litt rare: dei aller minste er raude på toppen, og sidan dei vaksne er heilt svarte med eit lite kvitt parti, blir det ein litt morosam kontrast. Berre eit par meter unna, var det ein liten andefamilie som traska over stien.
28. mai 2024
Ta ein (mat)pause
Viss du nokon gong køyrer forbi Sokndal og Hauge i Dalane og kjenner at no skulle du gjerne ha hatt ein pause, vil eg varmt anbefale TAKEaBREAK. Om du "berre" treng ein liten kaffitår eller ein større lunsj, så er dette plassen. Før me drakk kvar vår gode cappuccino og hadde noko søtt attåt, åt me ein ypperleg club sandwich til lunsj. Atmosfæren er superkoseleg, lukta av nysteikte kanelbollar, og for ein bra service! Me rakk til og med å lese litt i kvar vår bok før me sette snuten heimover.
26. mai 2024
Utepizza på ein frimåndag
Merkeleg veke med tre dagar fri, så tre dagar jobb og ein liten fridag i dag. Kan ikkje skryte av å ha gjort så mykje i dag, verken ute eller inne, men det er no slik det blir etter ein jobblaurdag. Om ikkje anna har eg lese mykje (når bøkene gir slik leselyst, eg berre diggar det!), og me var ute på ein miniluftetur. Jaggu var det klamt! Håper det kjem litt regn i løpet av natta. Terrassemiddag med familien, sykkelturane tur-retur jobb, treffe kjentfolk, balkonglesing og mykje lesing generelt. Eigentleg ikkje noko nytt der, tihi. Skal snart finne senga, vekas sundagsliste ser slik ut:
24. mai 2024
Jobbveg som skin
Anten om eg syklar eller om eg går til jobben, blir eg glad for alle blomane og fargane som eg ser langs vegen for tida. Rhododendron i fleng i ein knallrosa farge, og løvetennene når dei ikkje lenger er gule. Får så lyst å stoppe opp litt ekstra, ta dei opp og blåse på dei, akkurat slik me gjorde då me var små. Nostalgi på høgt nivå, og kvardagsglede på eit endå høgare nivå. Min jobbveg.
22. mai 2024
Sogndalstrand
Etter å ha opplevd Helleren, køyrde me same vegen som me kom. Strake vegen heim til Stavanger tok me ikkje, for me ville innom Sogndalstrand, ei freda tettgrend i Sokndal kommune. Sjølv om det ikkje var (eller er) heilt sesong og sola ikkje stod høgt på himmelen, var det superkoseleg å traske i denne grenda. Blondegardiner i vindauga, fargerike dører, små bokhus utanfor husa og gamle skilt.
To små galleri var opne, og det var mykje fint å sjå der inne sjølv om me ikkje kjøpte noko denne gongen. Bøker i vindauga, ein knalloransje pyntesykkel, koselege båthus og ein endå meir koseleg hage. Etter kvart byrja det å bli litt småkaldt og me sa takk for no til fine Sogndalstrand.
21. mai 2024
Liten bit av hjartet 🇨🇦
Til meg frå mannen min då eg hadde bursdag førre månad. Ikkje ofte eg ønskjer meg smykke, men akkurat dette er eit eg allereie set pris på. Inne hos Spirrevipp kan ein tinge heim såkalla kartsmykke. Her finn ein små omriss av plassar som Kristiansand, Liverpool og Sola, kanskje eit omriss av Noreg eller av verda, moglegheitene er mange. I tillegg til dei smykka som allereie ligg i nettbutikken, kan ein spørje om dei kan lage eit kartsmykke av ein stad som betyr noko spesielt. For meg er ein slik stad finaste Prince Edward Island, øya som stal ein bit av hjartet mitt for ganske nøyaktig seks år sidan. Øya med dei raude klippene, nasjonalparken Greenwich, superkoseleg vertshus midt i Charlottetown, fargerike hus og ikkje minst vakraste Green Gables. Plassen som Montgomery skildrar så nydeleg i Anne-bøkene. Ei øy eg ber med meg både inni og utanpå.
20. mai 2024
Arboretpiknik for tredje gong
Blomar på buskar og tre, flott mønster på ei tjukk grein, sommartemperatur i mai. Å gå rundt på stiane og ha tid til å ta det med ro. Tid til å stoppe opp og berre vere. Ei kjensle av eufori. Før me sette snutane heim, fann me ein stad litt i skuggen, rett ved bekken som sildra. Mannen min henta piknikkofferten, piknikteppet, Mummikoppar, kaffi og litt mat, og det blei lunsj der på graset med is til dessert. Koseleg slutt på sundagsturen, for piknik i arboretet er alltid ein slager.
19. mai 2024
Breie smil av bøker og godvêr
Langhelg i mai, eg klagar ikkje. Sjeldan det er såpass inneklemte dagar, og med nydeleg vêr, er det som ein miniferie. Dagane på jobb har vore nokså rolege, for med ein gong det er sol og fint her i byen, er folk heller ute enn å vere inne på eit kjøpesenter (eg skjønner dei godt). Når ein jobbar midt inne i eit senter, er det ikkje mykje ein ser til solskinet, men desto viktigare er det – i alle fall for min del – å nyte sola medan ein syklar eller går til jobb, ta litt av kveldslesinga ute på balkongen. Feiringa av 17. mai var heilt i vår gate. I går gjorde me lite (fekk no lese ganske mykje), medan me i dag var ute og gjekk tur i arboretet med krøllebølle og broremann. Bra sundag, og fleire kjekke ting:
✦ heimelaga latte og endå ei bok av Veronica Henry, nemleg Impulskjøpet
✦ prate lenge på jobb med ei eg studerte litt i lag med, superkoseleg å sjå ho igjen
17. mai 2024
Ei med sølje og to med sløyfe 🇳🇴
Som i fjor, vakna me til korpsmusikk i dag tidleg. Titta ut vindauget og fekk auge på korpset, eigentleg ein ganske koseleg måte å starte dagen på måtte titte ut soveromsvindauget. Treig start på dagen med god frukost, quiz, kaffi og lesing. Krøllebølle kom hit i går, og han skal vere her i langhelga. Så då me endeleg hadde fått på oss finstasen, var det på tide å ta eit par bilete. Tihi, Balto var pynta med sløyfe, og sjølv om me ikkje alle såg i kameraet samstundes, blei det eit par kule bilete
I halv eitt-tida, gjekk me alle tre bort til eit venepar, dei me fleire gongar før har feira dagen i lag med. Kjempekoseleg at dei stadig inviterer! Me var ein akkurat passe stor gjeng, og det blei fyrst god lunsj, sidan kake x3 og praten gjekk i eitt. Varmerekord her i Stavanger i dag (altså, den varmaste 17. mai, ikkje den varmaste temperaturen nokonsinne), og eg skal innrømme at det var varmt i bunad. Ja, venane våre hadde til og med diskutert om eg kom til å ha på meg bunaden eller ei ;) Men det er ikkje så ofte eg får sjansen til å ha på meg den finaste bunaden, plagget som om ikkje lenge er heile sytti år! Og sjølv om me ikkje spelte lenge i år, var det gøy å teste plendart igjen. Gjekk heim utpå ettermiddagen, av med finstasen og berre tatt det heilt med ro. Pasta carbonara er blitt ein middagstradisjon på nasjonaldagen, men sidan me var nokså mette, blei det ein sein middag. Takksam for å feire dagen saman med ein slik godgjeng. på ein passe lågterskel måte. Å kunne feire nasjonaldagen i det heile tatt, med alt som skjer rundt oss i verda for tida, eg veit ikkje om me heilt veit kor heldige me er. Og sjølv om dagen snart er over: hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen!