5. mars 2024

Hundvågstur i byrjinga av mars


Sola skein kanskje ikkje høgt på himmelen på sundag, men akk, så godt det var å gå ute likevel. Ein kjenner at no er det verkeleg vår! Balto var hos oss frå tidleg laurdag til utpå sundagsettermiddag. Eg jobba jo heile laurdagen, så då var det berre mannen min og krøllebølle som var ute og gjekk. Men på sundag var både eg og broremann med på ein akkurat passe gåtur ute på Hundvåg. Veldig kjekt å sjå at det var fleire innom dagsturhytta Vennskapshyttå ute på Kuneset, som du så vidt kan sjå midt i det øvste biletet. Balto stilte villig opp då eg ville knipse eit par bilete av han og sjøen.




Trur ikkje me hadde ein veldig spesifikk plan på akkurat kor me skulle gå, men det treng ein ikkje alltid. Var berre herleg å bevege på oss ute ein tidleg vårdag. Innimellom stoppa i alle fall eg opp, for det var fleire detaljar å få auge på: noko av det kulaste var absolutt klynga med fantastisk fargerike fuglehus. Og det lille huset med oransje karmar fanga også blikket mitt. Koseleg å sjå sauar på eit lite jorde i lag med ein knallraud traktor, eit lite stykke bondegard ikkje langt frå bykjernen.






Mine fine snøklokker. Eller, eg veit at dei ikkje er mine, men for ein liten augneblink er det dei der eg sit på huk og berre nyt synet av dei. Av våren. Tihi, eit lite sjølvknips av oss alle saman blei det mot slutten av turen, og me avslutta den med ein kaffi og noko attåt hos våre fine vener på Heddas gård. Slo av ein liten prat med dei før me traska tilbake til parkeringa. Årets fyrste ordentlege vårtur!

Legg igjen ein fin tanke