14. mars 2024

Opp til Vedafjellet






Etter ein avslappa laurdagskveld med familien, berre måtte me ut og gå på sundagen, kan jo ikkje anna når sola skin slik den berre gjer om våren. Og alltid godt å bevege kroppen. Målet var å gå opp til Vedafjell i nabokommunen Sandnes. Litt klyving opp fjellsidene blei det, og noko sur vind der det var veldig ope, men det gjer lite og ingenting i godt selskap, blå himmel og dufta av vår.




Fyrst bar det opp på ein topp før me vandra inn i ein skog for å komme oss vidare opp til Vedafjellet. Sola laga skuggespel, det var godt å berre gå, og vel oppe var stod me ei lita stund og naut utsikta. Men berre ei lita stund, for det blåste såpass at hendene og andletet fort blei kaldt.




Sat litt ved varden, skreiv namna våre i turboka og tok eit sjølvknips før me byrja på turen ned. Smilte godt av inskripsjonen på den eine trappa som me måtte over, og på veg ned, ikkje så langt unna sjølve toppen, måtte me ha ein liten pause. Mat, kaffi og eit par sjokoladebitar, akkurat slik det skal vere på tur. Viktig med ein god rast, litt påfyll til turen ned att, og så var det heim.

Legg igjen ein fin tanke